Slik blir renta i Lånekassen fastsatt

Sist oppdatert: 29.12.2017
Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og blir basert på utrekningar frå Finanstilsynet. Studielånsrenta fastsett seks gonger i året.

Når du er ferdig med utdanninga, har slutta eller ikkje lenger får stipend eller lån, blir det rekna renter frå første månadsskifte. Så lenge du får pengar frå Lånekassen til fulltidsutdanning, er studielånet rentefritt.

Renta er marknadsstyrt

Stortinget har bestemt at renta på utdanningslånet skal vere marknadsstyrt. Både den flytande og den faste renta blir fastsett annankvar månad.

Rentene i Lånekassen blir fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadslån i marknaden. Dette gjennomsnittet blir kalla basisrenta. Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng. Dette utrekningsgrunnlaget gjeld for både flytande og fast rente i Lånekassen.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadslånsrentene og fastset rentesatsane i Lånekassen. Modellen baserer seg på data som bankane er forplikta å rapportere inn til Finansportalen. Finansportalen er ei netteneste frå Forbrukarrådet som presenterer bank-, forsikrings- og investeringstilbod frå bankar og forsikringsselskap.

Bustadslånstiboda som blir brukte i utrekninga av rentene i Lånekassen, er standard annuitetslån på 1 500 000 kroner, innanfor 50 prosent sikkerheit (det vil seie at bustadsverdien må vere på minst tre millionar kroner). Avdragstida er sett til 30 år, og låntakaren er 45 år. Lånetilboda må vere tilgjengelege over heile landet, og det må ikkje vere krav om å kjøpe tilleggstenester for å få dette lånet.

Fast eller flytande rente

Når du er ferdig med å studere, vil du automatisk få flytande rente på lånet ditt. Du kan også velje fast rente. Når du er ferdig med fastrenteperioden din, får du automatisk flytande rente. Sjekk rentesatsane her.

Meir om fastsetjing av studielånsrenta

Den flytande og den faste renta er baserte på observasjonar av tilbod på bustadslån med flytande og fast rente som er rapporterte inn til Finansportalen. Studielånsrenta blir fastsett seks gonger i året.

Fastsetjinga av faste renter for 3, 5 eller 10 år er baserte på observasjonar av prisar på bustadlån med fast rente i 3, 5 eller 10 år.

Observasjonsperioden

Observasjonsperioden for flytande rente er to månader, med opphald i to månader før renta trer i kraft. For fast rente er observasjonsperioden éin månad, med eit opphald på éin månad før verkedato. For eksempel vil den flytande renta for juli og august vere basert på observasjonane for mars og april. Den faste renta frå 1. juli vil vere basert på observasjonar i mai.

”Åpenhetsbrev”

Finansdepartementet har skrive eit ”åpenhetsbrev” om utrekninga av rentene på lån i Lånekassen. Brevet er ei detaljert utgreiing om korleis rentene blir fastsette, med mellom anna formlane som blir brukte ved utrekninga.

Last ned åpenhetsbrevet her [pdf].

Utrekningar

Effektiv rente

Effektiv rente skal synleggjere alle kostnadene ved eit lån, altså både renter og gebyr. Nominell rente er rentesatsen på lånet.

Det er vanleg å rekne effektiv rente frå den dagen lånet blir utbetalt. For lån i Lånekassen vil den effektive renta bli lågare enn den nominelle renta, sidan lånet er rentefritt i utdanningstida.

Reknar vi effektiv rente frå den dagen lånet blir sett renteberande, blir den effektive renta høgare enn den nominelle renta, sidan du må betale renter og gebyr. Med e-faktura eller avtalegiro blir det svært liten forskjell på nominell og effektiv rente.