Gebyr og forseinkingsrenter

Sist oppdatert: 29.12.2017
Betaler du med e-faktura eller avtalegiro, og ikkje er reservert mot elektronisk kommunikasjon med det offentlege, slepp du gebyr på ordinære rekningar. Betaler du for seint, må du betale purregebyr og forseinkingsrenter.
Gebyr på ordinær rekning
Avtalegiro 0 kroner
Avtalegiro, reservert mot elektronisk kommunikasjon 18 kroner
E-faktura 0 kroner
Papirfaktura 18 kroner

Purregebyr og forseinkingsrente  

 

Gebyr ved første purring

280 kroner

Gebyr ved andre purring (varsel om oppseiing av lånet)

490 kroner

Forseinkingsrente

8,5 prosent

Gebyr og kostnader som ikkje er betalte, bli lagt til på neste rekning. Det gjeld også dersom du har gebyr frå tidlegare forfall. Storleiken på gebyra er fastsette i forskrift om tilbakebetaling, som har heimel i utdanningsstønadlova.

Forseinkingsrenter dersom du betaler for seint

Betaler du rekninga for seint, rekner vi forseinkingsrenter på det beløpet du skulle ha betalt. Renta blir lagt til beløpet frå første dag etter betalingsfristen og fram til du betaler rekninga di. Forseinkingsrentene kjem i tillegg til purregebyret.

Når blir forseinkingsrenter og purregebyr lagt til beløpet?

Forseinkingsrente blir lagt til beløpet frå fyrste dag etter forfallsdato og fram til du betaler rekninga di. Purregebyr blir lagt til når vi sender deg purringa og tidlegast 14 dagar etter forfallsdatoen.

Du kan unngå gebyra

I utgangspunktet må alle som får rekning i posten, betale eit gebyr på 18 kroner, som blir lagt til gjelda. Betaler du med avtalegiro eller efaktura, og ikkje er reservert mot elektronisk kommunikasjon med det offentlege, betaler du ingenting i gebyr for rekninga. 

Du får ikkje purregebyr dersom du har søkt om betalingsutsetjing før betalingsfristen, og du heller ikkje tidlegare har fått gebyr. Dersom du har søkt om betalingsutsetjing etter betalingsfristen, får du purregebyr sjølv om du får utsetjing. Hugs derfor å søkje før betalingsfristen, når du søkjer om betalingsutsetjing – då unngår du gebyr.

 

Slik blir forseinkingsrenta fastsett

Forseinkingsrenta blir fastsett to gonger i året av Finansdepartementet, med verknad frå 1. januar og 1. juli. Den føljer styringsrenta til Noregs Bank med eit påslag på 8 prosentpoeng.

Forseinkingsrenter på heile gjelda dersom lånet er sagt opp

Men dersom lånet ditt blir sagt opp, vil det frå oppseiinga løpe forseinkingsrenter av heile gjelda. Har du for eksempel ei gjeld på 300 000 kroner, vil ein månad med forseinkingsrenter bli på ca. 2 300 kroner om forseinkingsrenta er på 9,5 prosent.

Så mykje kostar forseinkingsrentene deg

Har du ei gjeld på 300 000 kroner, og rentesatsen er 2,477 prosent, vil det gi eit månadleg terminbeløp på 1 640 kroner. For kvar dag du er forseinka etter betalingsfristen, vil det i dette tilfellet, løpe 43 øre i forseinkingsrenter per dag per terminbeløp.

Frå det første terminbeløpet forfell 15. august til lånet blir sagt opp 16. november, vil du med 9,5 prosent i forseinkingsrenter måtte betale 79 kroner.

Sletting av renter

Dersom du får slettet renter for ein periode, blir også eventuelle forseinkingsrenter sletta for den samme perioden. Det gjeld uavhengig av om lånet har vore oppsagt eller ikkje.