Flytande rente

Sist oppdatert: 29.12.2017
Når du er ferdig med å studere, får du automatisk flytande rente på lånet ditt.

Flytande rente vil seie at renta på studielånet ditt endrar seg i takt med marknaden elles. Med flytande rente vil terminbeløpet som regel vere ulikt frå termin til termin. Sjekk rentesatsane her.

Den flytande renta blir fastsett for to månader om gongen. Du kan lese meir om fastsetjing av studielånsrenta her.

Du kan også velje fast rente.