Slik avslutter du fastrenteavtalen

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du kan avslutte fastrenteavtalen mellom den 10. og 17. annankvar månad, same kor mange år du valde å binde renta for.

Avslutt fastrenteavtalen på Dine Sider

Du kan avslutte fastrenteavtalen på Dine sider. Når søknaden om å avslutte avtalen er godkjend, får du flytande rente frå og med den 1. i  månaden etter du søkte. På Dine Sider vil du få oppgitt kostnadene ved å avslutte avtalen.

Gå til Dine sider og sjå kor mykje det vil koste deg å avslutte avtalen om fast rente.

Kostnader ved å avslutte avtalen

Kostnaden ved å avslutte ein avtale om fast rente er den same som når du innfrir lånet. Kor mykje renter som blir lagt til lånet ditt, vil du sjå når du er i søknadsbiletet i Dine sider.

Oppheving når du begynner å studere igjen

Avtalen om rentebinding blir også oppheva dersom låntakaren begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i avtaleperioden og får lån og/eller stipend frå Lånekassen. I slike tilfelle blir avtalen om rentebinding rekna som oppsagt frå fyrste dag i den månaden du får den fyrste utbetalinga av ny støtte. Vær oppmerksom det blir rekna rentetap/rentegevinst.

Søknadsperiodar

Du kan avslutte fastrenteavtalen i periodane:

  • 10.–17. februar
  • 10.–17. april
  • 10.–17. juni
  • 10.–17. august
  • 10.–17. oktober
  • 10.–17. desember

Søkjeperiodane for å avslutte fastrenteavtalen er dei same som for å inngå nye fastrenteavtalar.

Flytande rente i minst to månader

Når du avslutter ein fastrenteavtale, er du forplikta til å ha flytande rente i minst to månader, før du kan binde renta på nytt. Du kan ikkje gå ut av ein fastrenteavtale og inn i ein ny fastrenteavtale i den same søknadsperioden (sperrefrist). Dersom du først avslutter og deretter søkjer om ein ny fastrenteavtale ved neste høve, vil du i praksis få tre månader med flytande rente.

Du kan heller ikkje avslutte ein eksisterande fastrenteavtale dersom du allereie har inngått ein ny avtale om fast rente. Du kan avslutte den nye fastrenteavtalen i neste søknadsperiode.

Kva skjer når fastrenteavtalen min går ut?

Når fastrenteavtalen din går ut etter tre, fem eller ti år, får du automatisk flytande rende. Ønskjer du å fortsetje å ha fastrende må du søkje om det på nytt, i dei periodane det er mogeleg. Du får ikkje ei melding frå oss når avtalen din går ut eller tilsendt ein ny nedbetalingsplan, men du finn avtalen og nedbetalingsplanen din på Dine sider.

Fastrenta di står på Dine sider

Under "Din gjeld" på Dine sider finn du informasjon om rentesatsen du har, og for kva periode du har bunde renta.