Ekstra innbetaling når du har fast rente

Sist oppdatert: 29.12.2017
Har du fast rente og betaler inn meir enn det du skal, eller før du får rekninga, kan det påvirke gjelda di. Det skjer også dersom du innfrir heile lånet, avsluttar avtalen, eller får støtte frå Lånekassen til ny utdanning.

Har du fastrenteavtale og får støtte frå Lånekassen til ny utdanning, blir fastrenteavtalen automatisk avslutta. Det blir då utrekna rentetap eller -gevinst, som auker eller minsker gjelda di, sjå detaljar i tabellen under.

Ved ekstra innbetaling gjeld framleis fastrenteavtalen for det som står igjen av lånet. Når du betaler inn ekstra vil du i framtida få eit lågare terminbeløp, men nedbetalingstida vil framleis vere den same.

 
Den faste renta i dag* er lågare enn di fastrente


Den faste renta i dag* er høgare enn di fastrente


Kva skjer dersom du betaler inn ekstra?

Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tapar på at du betaler inn ekstra (rentetapet), og legg beløpet til det som står igjen av gjelda di.


Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tener på at du betaler inn ekstra (rentegevinsten), og trekkjer beløpet frå det som står igjen av gjelda di.
Kva skjer dersom du betaler før du får rekninga?

Dersom du betaler før du har fått rekninga, blir dette registrert som ei ekstra innbetaling. Du må i tillegg betale rekninga når den kjem, fordi den ekstra innbetalinga ikkje blir restistrert som forskott på rekninga.

Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tapar på at du betaler inn ekstra (rentetapet), og legg beløpet til det som står igjen av gjelda di.

Dersom du betaler før du har fått rekninga, blir dette registrert som ei ekstra innbetaling. Du må i tillegg betale rekninga når den kjem, fordi den ekstra innbetalinga ikkje blir restistrert som forskott på rekninga.

Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tener på at du betaler inn ekstra (rentegevinsten), og trekkjer beløpet frå det som står igjen av gjelda di.


Kva skjer dersom du får støtte frå Lånekassen til ny utdanning?


Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tapar på at avtalen blir avslutta før tida (rentetapet), og legg beløpet til gjelda di.


Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tener på at avtalen blir avslutta før tida (rentegevinsten), og trekkjer beløpet frå gjelda di.


Kva skjer dersom du innfrir heile lånet?

Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tapar på at du innfrir heile lånet før tida (rentetapet), og du får melding frå Lånekassen om å betale inn dette beløpet.


Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tener på at du innfrir heile lånet før tida (rentegevinsten), og vi overfører dette beløpet til bankkontoen din.

Kvifor skjer dette?

Fordi Lånekassen tapar renteinntekter når vi må låne ut pengane på nytt til ei lågare rente. Dette tapet må du erstatte.


Fordi Lånekassen får auka renteinntekter når vi kan låne ut pengane på nytt til ei høgare rente. Dette kjem deg til gode.

Kor stor blir summen du må betale eller får igjen frå Lånekassen?

Kor mykje du må betale for å dekke rentetapet til Lånekassen, er igjen avhengiag av blant anna kor stor resten av gjelda di er, kor lang tid det er igjen av bindingsperioden din, og kor mykje lågare fastrenta i dag er i forhold til den fastrenta du har.


Kor mykje du får godskrive blir bestemt av kor mykje Lånekassen sine renteinntekter aukar. Det er igjen avhengig av blant anna kor stor resten av gjelda di er, kor lang tid det er igjen av bindingsperioden, og kor mykje høgare fastrenta er i dag i forhold til den fastrenta du har.


Eksempel

Eit år etter at du har inngått fastrenteavtale for tre år, betaler du 10 000 kroner meir enn du skulle i forhold til betalingsplanen.

Beregnet sammenlignbar rente er éin prosent lågare enn renta på lån ditt. Innbetalinga gjer at Lånekassen taper renteinntekter, og du må derfor betale ca. 200 kroner for ekstrainnbetalinga.



Eit år etter at du har inngått fastrenteavtale for tre år, betaler du 10 000 kroner meir enn du skulle i forhold til betalingsplanen.

Beregnet sammenlignbar rente er éin prosent høgare enn renta på ditt lån. Innbetalinga gjer at Lånekassen får auka renteinntekter, og Lånekassen trekker derfor ca. 200 kroner frå gjelda di.

* Renta på fastrenteavtalen din blir samanlikna med renta på nye avtalar med like lang løpetid som det er igjen av bindingstida på fastrenteavtalen din. Dersom resten av bindingstida er ulik løpetida for nye avtalar (3, 5 og 10 år), bruker vi ein rentesats som passar best mogeleg. Dersom du for eksempel har fire år igjen av ein fastrenteavtale, legg vi til grunn ein rentesats som er gjennomsnittet av ein ny 3-årsavtale og ein ny 5-årsavtale.