Fast rente

Sist oppdatert: 14.02.2019
Med fast rente bind du renta på ein gitt rentesats, for tre, fem eller ti år. Du kan binde renta annankvar månad.

Du kan velje tre, fem eller ti år

Du kan velje fast rente i tre, fem eller ti år. Når bindingstida er ute, går du automatisk over til flytande rente. Dersom du begynner å studere igjen og får støtte frå Lånekassen, blir avtalen oppheva. Det blir ikkje lagt til renter på lånet i den perioden du får støtte. Du har moglegheit til å avslutte avtalen om fast rente dersom du ønsker det. Du kan framleis søke om betalingsutsetjing og rentefritak når du har fast rente.

Søkevindauge for fast rente

Lånekassen offentleggjer dei nye fastrentene den 10. annankvar månad. Når nye fastrenter er offentleggjorde, kan du søke om fast rente eller avbryte den avtalen du har mellom den 10. og 17.

Søknadsperiode

Renta gjeld frå

10.–17. februar

1. mars

10.–17. april

1. mai

10.–17. juni

1. juli

10.–17. august

1. september

10.–17. oktober

1. november

10.–17. desember

1. januar

Endringar som kan påverke terminbeløpet når du har fast rente

Sjølv om du har inngått ein avtale om fast rente, kan terminbeløpet ditt likevel endre seg.

Avsluttar du fastrenteavtalen, innfrir heile lånet eller betaler inn meir enn det rekningane og nedbetalingsplanen viser, eller før du får rekninga, kan det føre til at Lånekassen tapar renteinntekter. Dette gjer at du må betale ekstra. Les meir om rentetap og rentegevinst her.

Andre forhold som kan påverke terminbeløpet er for eksempel betalingsutsetjingar, rentefritak eller omgjering av lån til stipend.

Konekvensar for deg med fast rente som skal ta meir utdanning

Dersom du har fastrenteavtale, og begynner å studere fulltid eller deltid i avtaleperioden og får støtte frå Lånekassen, blir avtala om fast rente avbrote. Taper Lånekassen renteinntekter fordi du opphevar fastrenteavtalen, må du betale dette tapet. Tener Lånekassen på at du opphevar fastrenteavtalen, får du fortenesta. Avtalen om fast rente blir regna som avslutta på den første dagen i den månaden du får den første utbetalinga av ny støtte.

Har du allereie avtale om fast rente?

På Dine sider kan du sjå om du har avtale om fast rente og kva tid avtalen går ut. Der står også rentesatsen du har bunde på. Du finn også denne informasjonen på årsoppgåva di, som ligg i postkassa på Dine sider.

Du kan ikkje binde renta dersom

  • du har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida
  • du ikkje har eit rentebærande lån (mellom anna får støtte til fulltidsutdanning)
  • du avbraut tidlegare avtale om fast rente for mindre enn to månader sidan. Du kan ikkje avslutte ein avtale om fast rente og binde til ny fast rente i same søknadsperiode.
  • du har fått lånet oppsagt fordi du ikkje har betalt
  • du har fått gjeldsordning etter gjeldsordningslova
  • du er under 18 år
  • du får støtte til deltidsutdanning og har rentebærande lån frå før