Oppseiing av lån

Sist oppdatert: 29.12.2017
Har du fått eit brev om at lånet ditt vil bli oppsagt, er det fordi du ikkje har betalt rekninga di, trass fleire rekningar frå oss. For å unngå at lånet ditt blir sagt opp, må du rydde opp med ein gong.

Oppseiing av lånet betyr at heile gjelda forfell til betaling. Når lånet ditt blir sagt opp, løper det forseinkingsrenter på heile gjelda, og lånet blir sendt til Statens innkrevjingssentral (SI), som krev inn oppsagde lån for Lånekassen.

For å unngå at lånet blir sagt opp, må du anten betale rekninga eller søkje om betalingsutsetjing. Du kan sjå om vi har fått betalinga di på Dine sider. Merk at det tek rundt tre dagar frå du betaler, til du kan sjå at betalinga er motteken.

Kva betyr innkrevjing gjennom SI?

Dersom lånet blir oppsagt og overført til SI, risikerer du at lånet blir tvangsinnkrevd. Dette kan blant anna føre til at det blir trekt eit månadleg beløp direkte frå lønna di