Purring

Sist oppdatert: 29.12.2017
Det er dyrt å ikkje betale lånet i tide.

Dersom du ikkje betaler når du skal, og heller ikkje søkjer om betalingsutsetjing, sender vi ei purring. Det blir lagt til 280 kroner i gebyr på rekninga.

Dersom du framleis ikkje betaler eller søkjer om utsetjing, sender vi deg ei  andre purring (varsel om oppseiing av lånet). Det blir då lagt til enda eit gebyr på 490 kroner. Dersom du ikkje gjer noko, seier vi til slutt opp lånet ditt og overfører det til Statens innkrevjingssentral (SI). Skjer dette, kan det koste deg enda meir.

Kva har skjedd? Kvifor har det skjedd? Korleis løyser eg problemet?
Eg har fått ei purring Du har ikkje betalt rekninga di i tide. Betal rekninga med purregebyr. Dersom du ikkje kan betale, må du søkje om betalingsutsetjing.
Eg har fått ei andre purring (varsel om oppseiing) Du har ikkje betalt rekninga di etter å ha fått første purring. Betal rekninga med purregebyr. Dersom du ikkje kan betale, må du søkje om betalingsutsetjing.
Eg har fått vedtak om oppseiing Du har ikkje betalt rekninga trass fleire purringar. Betal rekninga med purregebyr. Dersom du ikkje kan betale, må du søkje om betalingsutsetjing. Dette er siste åtvaring før lånet ditt blir overført til SI.
Eg fekk ikkje den vanlege rekninga, men har fått ei purring. Lånekassen sender ut rekningar kvar tredje månad. Du må betale purregebyret når du betaler for seint, sjølv om du ikkje har fått den vanlege rekninga. Betal rekninga med purregebyr. Dersom du ikkje kan betale, må du søkje om betalingsutsetjing.
Eg fekk ikkje rekninga eller purringa, men har fått ei andre purring (varsel om oppseiing). Lånekassen sender ut rekningar kvar  månad. Du må betale purregebyret når du betaler for seint, sjølv om du ikkje har fått den vanlege rekninga. Betal rekninga med purregebyr. Dersom du ikkje kan betale, må du søkje om betalingsutsetjing. Dersom du ikkje gjer noko, blir lånet overført til SI.

Elektroniske purringer

Sommaren 2017 begynte Lånekassen å sende purringar elektronisk. Det er berre kundar som har valt elektroniske rekningar (avtalegiro eller e-faktura) som får purringar elektronisk. Dei som får rekningane i posten vil og få purringane i posten.

Sett eit høgt nok maksbeløp i nettbanken

Når du får ei purring i nettbanken, blir alle rekningane du ikkje har betalt slått saman til ein samla rekning. Det betyr at både purringa, purregebyret og ein ny månadstermin blir trekte i same avtalegiro. For kvar månad blir det lagt på eit nytt terminbeløp. Derfor er det viktig at du set eit høgt maksbeløp i nettbanken dersom du har avtalegiro. Vi trekkjer aldri meir enn det du skal betale.

Gebyr blir ikkje sletta
Sjølv om du ikkje har fått ei rekning, slettar ikkje Lånekassen purregebyret.

For at du skal unngå ekstra gebyr, må betalinga vere registrert hos oss før den datoen purringa blir produsert. Det kan ta opptil ei veke frå purringa er produsert, til du får den. Du har betalt for seint dersom du får purring på ei rekning. Du kan sjå kva dato purringa blei laga, øvst i brevet du har fått.

Vi slettar gebyr berre i særlege tilfelle, for eksempel dersom du kan dokumentere at du vore ute av stand til å handtere lånet ditt på grunn av alvorleg sjukdom.