Pant

Sist oppdatert: 29.12.2017
Når lånet ditt er oppsagt, kan Statens innkrevjingssentral (SI) ta pant i formuesgode du eig, blant anna eigedom og beløp som står på bankkontoen din.

Du kan også bli trekt ein sum kvar månad frå lønna eller trygda di, og du risikerer å få betalingsmerknad i kredittregister som vil gi deg problem med å få nye lån.

Har det fyrst blitt teke pant, beheld Lånekassen panta også etter at du eventuelt har rydda opp i betalinga av lånet ditt.

Har du spørsmål om pant, må du ta kontakt med SI.

Pant. Kva skjer?

Lån frå Lånekassen blir gitt utan tryggleik. Dersom du ikkje overheld betalingspliktene dine til Lånekassen, kan det bli teke pant i eigedelane dine. Det betyr at for eksempel leilegheita di blir sat som tryggleik for at lånet ditt blir betalt. Dersom du heller ikkje betaler etter at det er teke pant i leilegheita di, kan SI krevje at leilegheita blir tvangsselt og pengane frå salet vil gå til innbetaling av studielånet ditt. Du må i tillegg betale kostnaden ved tvangssalet.

Dersom du betaler det du ligg på etterskot med, vil oppseiinga av lånet bli oppheva og saka blir trekt tilbake frå SI. Lånekassen beheld likevel pantet, anten til du har betalt ned heile lånet ditt, eller til pantet går ut. Dersom du har behov for å få sletta pantet før dette, må du ta kontakt med SI.

Skal du selje noko det er teke pant i?

Dersom du ønskjer å selje eigedom som Lånekassen har pant i, må overskotet frå salet fordelast etter tinglyst prioritet før pantet kan slettast.

Skal du selje eigedom det er teke pant i, må du ta kontakt med SI for å få informasjon om vilkår for sletting av pant ved sal.

Sletting av pant

Lånekassen beheld pantet til den går ut på dato, eller til du betaler inn heile lånet. Pantet kan også bli fornya.
Dersom du har betalt det du ligg på etterskot med, kan du søkje om å få sletta pantet. Du må i så fall sende eit brev til SI, og grunngi kvifor du ønskjer å få sletta pantet.

Dersom det er gjennomført utleggsforretning, og du ønskjer å klage over avgjerder som er teke av SI under tvangsinnkrevjinga, må du sende klaga til Sl.

Ordforklaringar
Pant Pant inneber at noko av verdi som du eig, fungerer som sikring for at kravet skal bli betalt. For eksempel har banken pant i huset ditt dersom du har huslån. Huset står som garanti for at banken får tilbake pengane du har lånt.
Utleggsforretning Ei utleggsforretning betyr at det blir teke pant i verdiar som du eig, for eksempel ein eigedom, eller det kan bli vedteke trekk i lønn eller trygd.
Namsmann Statens innkrevjingssentral (SI) fungerer som namsmann for Lånekassen. SI har fullmakt til å vedta at det skal setjast i verk tvangstrekk i lønn/trygd, og eventuelt ta pant i eigedom.
Tvangssal Tvangssal vil seie at ein eigedom det er teke pant i, blir seld for å dekke det du skuldar.