Langvarig misleghald

Sist oppdatert: 29.12.2017
Har du misleghalde lånet ditt i meir enn tre år, kan det bli permanent overført til Statens innkrevjingssentral (SI). Du mister då alle rettar som kunde i Lånekassen.

Dette omfattar blant anna retten til betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av gjeld. Dersom du ønskjer å søkje om ny stønad må du fyrst betale inn heile gjelda til SI.

Med misleghald meiner vi at du ikkje betaler det du skal, og heller ikkje på annan måte ordnar opp i saka.

Betalingsmerknader

Tvangsinnkrevjing kan føre til at det blir trekt ein sum frå lønna eller trygda di kvar månad. Det kan også bli teke pant i formuesverdiar som du eig. Du kan også få betalingsmerknader og dermed problem med å få lån andre stader.

Ta kontakt før gjelda blir permanent overførd

Før gjelda blir permanent overført til Statens innkrevjingssentral, vil du få varsel om det. Det er viktig at du tek kontakt dersom du har fått brev om permanent overføring av gjelda.

Sjølv om lånet har vore misleghalde i meir enn tre år, vil ikkje Lånekassen overføre gjelda permanent til SI dersom

  •     du har inngått ein betalingsavtale som du overheld
  •     du har trekk i lønn eller trygd
  •     du har betalt ein vesentleg sum i løpet av det siste året
  •     du har dokumentert at du har rett til betalingsletting