Kva gjer du når lånet ditt blir sagt opp?

Sist oppdatert: 29.12.2017
Dersom lånet ditt er sagt opp, kan du kontakte Statens innkrevjingssentral (SI) for å lage ein avtale om korleis du skal betale det du skuldar. Du kan også søkje om betalingsutsetjing hos Lånekassen.

I somme tilfelle kan du få sletta heile eller ein del av gjelda di, sjølv om lånet ditt er oppsagt.

Kva er eit oppsagt lån?

At lånet ditt er oppsagt, betyr at SI har teke over ansvaret for å krevje inn lånet ditt. SI kan tvangsinnkrevje gjelda di på vegner av Lånekassen. Når lånet ditt er overført til SI, må du kontakte SI for alle spørsmål som handlar om korleis du betaler, tvangstrekk i lønn eller trygd og gjeldsordningar

Du skal sende søknaden til Lånekassen dersom du ønskjer å søkje om betalingsutsetjing, sletting av renter eller sletting av gjeld på grunn av at du er varig ufør. Det same gjeld søknader om sletting av gjeld for låntakarar som er busette og jobbar i Finnmark, og sletting av gjeld for låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar. Du kan søkje om desse ordningane sjølv om lånet ditt er sagt opp.

Kva er situasjonen, og korleis går eg fram?

Eg ønskjer å få ein avtale om korleis eg skal betale, og kor mykje eg skal betale kvar månad. Du må kontakte SI for å få ein avtale om korleis du skal betale.
Eg ønskjer å få endra tvangstrekk i lønna eller trygda mi. Du må kontakte SI for å spørje om noko kan gjerast med tvangstrekket ditt.
Lånet mitt blei sagt opp for eit par månader sidan. Korleis kan eg rydde opp når eg ikkje kan betale? Du kan søkje om betalingsutsetjing til Lånekassen. Dersom vi kan gi deg utsetjing, vil beløpet du har uteståande, anten bli redusert eller heilt utsett. Dersom vi kan utsetje heile beløpet, opphevar vi oppseiinga. Hugs også å sjekke om du har rett til å få sletta renter.
Lånet mitt har vore oppsagt ei stund. Eg kan ikkje betale, og eg er i ein vanskeleg livssituasjon. Kva kan eg gjere? Dersom du er i ein situasjon som gir rett til å få sletta renter, kan vi vurdere å trekkje tilbake oppseiinga av lånet ditt, eller redusere det uteståande beløpet. For å søkje om dette må du sende inn
  • søknad om betalingsutsetjing
  • søknad om sletting av renter
  • dokumentasjon på situasjonen som gjer at du søkjer om sletting av renter
  • dokumentasjon som viser inntekta di hittil i år
Du kan lese meir om sletting av renter her.
Eg har brukt opp betalingsutsetjingane mine, lånet mitt er oppsagt, og eg kan ikkje betale. Kva gjer eg? Dersom du har rett til å få sletta renter, kan du søkje om fleire betalingsutsetjingar. Vi kan då vurdere å oppheve oppseiinga di. Les meir om korleis du går fram for å søkje om fleire utsetjingar.
Eg ønskjer å søkje om ei gjeldsordning. Dersom du ønskjer å søke om gjeldsordning, må du ta kontakt med SI.

Permanent overført til SI

Dersom lånet ditt er permanent overført til SI, har du ikkje lenger rettar i Lånekassen, og du kan ikkje søkje om betalingslette, sletting av gjeld eller ny utdanningsstøtte hos oss. Når lånet ditt er permanent overført, må du rette alle spørsmål til SI. Les meir om kva det betyr at lånet ditt er permanent overført.

Sletting av gjeld

Du kan søkje om sletting av heile eller ein del av gjelda di, sjølv om lånet er sagt opp. I somme tilfelle kan ei sletting føre til at vi opphevar oppseiinga di, eller at heile lånet ditt blir sletta.

Du kan søkje om sletting av gjeld dersom