Har du brukt opp betalingsutsetjingane dine?

Sist oppdatert: 03.01.2018
Du kan få 36 betalingsutsetjingar utan at du treng å vise til nokon årsak. Det går også an å få fleire.

Du kan få fleire betalingsutsetjingar dersom du kan sannsynleggjere at du har rett til å få sletta renter på lånet ditt.

Slik søkjer du om fleire utsetjingar

For å søkje om fleire utsetjingar må du først sende inn ein søknad om sletting av renter. Deretter kan du søkje om betalingsutsetjing. Du treng ikkje vente på svar på søknaden om sletting av renter før du søkjer om betalingsutsetjing. Du søkjer på Dine sider.

Dersom du ikkje har tilgang til Dine sider, kan du søkje på papirskjema. Hugs å leggje ved dokumentasjon.

Du kan ikkje ha for høg inntekt

For å ha rett til å få sletta renter, og dermed fleire betalingsutsetjingar, er det også eit vilkår at inntekta di er under grensene til Lånekassen. Vi hentar dokumentasjon om inntekt direkte frå skatteetaten. Ved behov hentar vi også inntektsinformasjon for deg og ein eventuell ektefelle/sambuar frå a-ordninga.

Bur du i utlandet eller er sjølvstendig næringsdrivande, må du likevel sende inn dokumentasjon på månadleg bruttoinntekt sjølv. Det er fordi a-ordninga ikkje inneheld informasjon om inntekt frå utlandet, næringsinntekt eller kapitalinntekt. Les meir om å søkje om sletting av renter dersom du bur i utlandet.