Oppsagde lån, pant og Statens innkrevjingssentral

Sist oppdatert: 27.12.2016
Dersom du ikkje betaler studielånet ditt og heller ikkje søkjer om utsetjing, vil vi etter kvart seie opp lånet ditt. Blir lånet ditt oppsagt, overtek Statens innkrevjingssentral (SI) arbeidet med å krevje inn pengane.

Har du hamna i denne situasjonen, finst det ofte utvegar for å rydde opp.

Oppseiing av lånet betyr at heile gjelda forfell til betaling. Når lånet er oppsagt blir det rekna forseinkingsrenter av heile gjelda, og lånet blir sendt til SI, som krev inn oppsagte lån for Lånekassen. Dersom lånet blir oppsagt og overført til SI, risikerer du tvangsinnkrevjing av lånet.

Tvangsinnkrevjing kan blant anna føre til at det blir trekt ein månadleg sum direkte frå lønna eller trygda di, at det blir teke pant i eigedelane dine, og at du kan få betalingsmerknader som gir deg problem med å få lån andre stader. I tillegg er det du som må betale kostnadene når lånet går til tvangsinnkrevjing.

Lurer du på noko?

Kva lurer du på? Korleis gå fram
Lånet mitt er oppsagt, korleis går eg fram for å ordne opp ? Det finst fleire måtar å rydde opp på : Du kan betale det som skulle vore betalt, eller søkje om utsetjing. I somme tilfelle kan du også søkje om å få sletta gjelda. Les meir om korleis du går fram her.
SI trekkjer direkte frå lønna eller trygda mi. Kva gjer eg? Har du spørsmål som går direkte på kor mykje og når SI trekkjer pengar frå deg, må du kontakte SI. Dersom du ønskjer å finne ut korleis du kan få oppheva oppseiinga slik at trekket ditt etter kvart stoppar, les her.
Lånekassen har teke pant i eigedommen min. Dersom Lånekassen har teke pant i eigedommen din, beheld vi vanlegvis pantet til lånet er innfridd. Les meir om pant her.
Eg har ignorert ganske lenge at eg har eit studielån eg burde betale på. Kva gjer eg? Dersom du over ein periode på tre år ikkje har betalt inn noko på studielånet ditt, og heller ikkje har fått utsetjingar, kan du risikere å miste alle rettar i Lånekassen. Du kan blant anna miste retten til betalingsutsetjing, rentefritak og ettergiving. Les meir om kva dette inneber, og korleis du går fram for å unngå dette.
Lånet mitt er oppsagt, og eg har søkt om ny støtte til utdanning frå Lånekassen. For at du skal kunne få ny støtte frå oss til utdanning, må du først sørgje for at lånet ditt ikkje er oppsagt lenger. Les meir om ny støtte her.