Du må betale sjølv om du ikkje har fått ei rekning

Sist oppdatert: 29.12.2017
Sjølv om du ikkje har fått ei rekning, er det ditt ansvar å betale tilbake lånet.

På Dine sider kan du sjå kor mykje du skal betale det neste forfallet. Dersom du ikkje kan betale, kan du søkje om betalingsutsetjing.

Kvifor har eg ikkje fått rekning?

Mogeleg årsak Kva må eg gjere?
Du har registrert feil adresse hos Lånekassen Du må betale rekninga og oppdatere adressa di. Du finn rekninga di under Di rekning på Dine sider. På Dine sider kan du sjå den adressa vi har registrert på deg, og denne kan du endre når som helst.
Du har søkt om betalingsutsetjing Vi sender ikkje rekning til deg dersom du har søkt om betalingsutsetjing før rekninga blei send frå Lånekassen, eller du tidlegare har fått betalingsutsetjing for dette forfallet. I vedtaksbrevet om betalingsutsetjing står det kva forfall du har fått utsetjing for.
Lånet ditt er sagt opp og overført til Statens innkrevjingssentral (SI) Dersom lånet ditt er sagt opp og overført til SI, sender ikkje vi rekning til deg. Les meir om korleis du handterer lånet ditt etter at det er sagt opp.
Du får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen Så lenge du får støtte til fulltidsutdanning frå oss, sender vi ikkje rekningar til deg. Dersom du studerer utan støtte, eller tek utdanning på deltid (med eller utan støtte), må du framleis betale på lånet ditt. Du kan undersøkje om vi har sendt deg ei rekning under Di rekning på Dine sider.
Du har betalingspause I somme tilfelle får du ikkje rekning fordi lånet ditt er i betalingspause. Du kan undersøkje om vi har sendt deg ei rekning under Di rekning på Dine sider. Det går vanlegvis rundt sju månader frå du sluttar å få støtte frå oss, til du får den første rekninga di.

Kvar finn eg betalingsinformasjonen?

Du treng berre tre opplysningar for å betale, anten du betaler i nettbank eller med giro: Lånekassen sitt kontonummer, KID-nummeret ditt, og kor mykje du skal betale. Du finn desse opplysningane under Di rekning på Dine sider.

Dersom du ikkje kan logge inn på Dine sider, er dette alt du treng:

  1. Lånekassen sitt kontonummer er 6345 05 08715
  2. KID-nummeret ditt er det same kvar gong. Du finn KID-nummeret ditt på tidlegare rekningar.
  3. Dersom du ikkje veit nøyaktig kor mykje du skal betale, bør du betale eit beløp som du er sikker på er stort nok til å dekkje terminbeløpet. Her kan tidlegare innbetalingar vere til hjelp, sjekk for eksempel kontoutskrifter for tidlegare månader i nettbanken din, eller den forrige fakturaen vi sende deg.