Har du brukt opp betalingsutsetjingane dine?

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du kan få 36 betalingsutsetjingar utan at du treng å vise til nokon årsak. Det går også an å få fleire.

Du kan få fleire betalingsutsetjingar dersom du kan sannsynleggjere at du har rett til å få sletta renter på lånet ditt.

Slik søkjer du om betalingsutsetjing

For å søkje om fleire utsetjingar må du sende inn

  • søknad om sletting av renter
  • søknad om betalingsutsetjing

For å ha rett til å få sletta renter og dermed ytterlegare betalingsutsetjingar, er det også eit vilkår at inntekta di er under grensene til Lånekassen. Vi hentar dokumentasjon om inntekt direkte frå skatteetaten. Ved behov hentar vi også inntektsinformasjon for deg og ein eventuell ektefelle/sambuar frå A-ordninga.

Bur du i utlandet eller er sjølvstendig næringsdrivande, må du likevel sende inn dokumentasjon på månadleg bruttoinntekt sjølv, fordi A-ordninga ikkje inneheld informasjon om inntekt frå utlandet, næringsinntekt eller kapitalinntekt. Les meir om å søkje om sletting av renter dersom du bur i utlandet.

Du må sende inn søknad om sletting av renter før du sender inn søknad om betalingsutsetjing. Her finner du søknadene om betalingsutsetjing og sletting av renter.

Dersom du ikkje har tilgang til Dine sider, kan du søkje på papirskjema. Hugs å leggje ved dokumentasjon.