Har du fått stipend og lån til utdanning tidlegare og fortset å studere utan få støtte, må du begynne å betale ned på studielånet ditt.
Lånet ditt er berre rente- og avdragsfritt så lenge du mottek studiestøtte frå oss. Det betyr at sjølv om du framleis studerer, men utan studiestøtte, må du begynne å betale ned på lånet ditt. Dette gjeld også dersom du har permisjon eller har tatt ein pause i utdanninga.
Du kan søke om betalingsutsetjing
Dersom du ikkje ønskjer å betale på lånet mens du studerer, må du enten søkje om betalingsutsetjing eller søkje om stipend og lån.
Du har rett til å få utsett betalinga i inntil tre år, utan at du må oppgi nokon grunn. Du kan først søkje om betalingsutsetjing etter at du har fått betalingsplanen din. Den får du på Dine sider omtrent fem månader etter at du sist fekk støtte frå oss.
Sletting av renter
Er du heiltidsstudent i ei utdanning du kunne fått støtte til, men studerer utan å få stipend og lån, kan du også ha rett til sletting av renter. Det betyr at vi kan slette rentene som er lagde til lånet ditt i perioden du har vore i utdanning utan støtte.
Du må vente med å søkje om sletting av renter til perioden du skal søke for er over. Vi kan berre slette renter som allereie er lagde til lånet.
Les meir om overgangen frå student til tilbakebetaler her.