Kvifor har eg fått rekning når eg berre har søkt om stipend?

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du har fått ei rekning fordi lånet ditt ikkje er gjort om til stipend enno. Du må anten betale rekninga, eller søkje om betalingsutsetjing.

Når du får stønad frå Lånekassen, blir alt i fyrste omgang gitt som lån. Men inntil 40 prosent av lånet ditt kan gjerast om til stipend. Dette kallar vi omgjeringslån. Sjølv om du har berre har søkt om stipend, har du altså fått beløpet utbetalt som lån.

Omgjeringa skjer når skatteetaten sender likninga di til oss i november, året etter at du fekk stønad. Derfor må du vente ei stund før du veit kor mykje som blir gjord om til stipend.

Omgjering til stipend skjer etter tre vilkår

  • Du kan ikkje bu saman med foreldra dine
  • Du må bestå utdanninga du har fått stønad til
  • Du kan ikkje ha inntekt, trygd eller formue over gjeldande grenser

Les meir om omgjering her.

Du har lån fram til omgjeringa er gjort

Fordi likninga for fjoråret ikkje kjem før seint på hausten, tek det tid før vi kan sjekke om du hadde inntekt og / eller formue innanfor grensene våre på det tidspunktet du fekk støtte frå oss.

Dette betyr at omgjering til stipend på grunn av fullført utdanning / bestått eksamen i 2015 skjer i november 2016, og at du fram til då har eit lån som du må betale, eller få utsett betalinga på, fram til omgjeringa har skjedd.

Søk om betalingsutsetjing om du ikkje kan betale

Kan du ikkje betale må du søkje om betalingsutsetjing. Betaler du rekninga får du tilbake beløpet når lånet har blitt gjort om til stipend.

Du kan få utsette betalingar i opptil tre år, 36 gonger, til saman. Utset du betalinga, bruker du av dette talet. Får du gjort om heile lånet til stipend, vil ikkje denne betalingsutsetjinga føre til ekstra renter.

Betalt rekning blir refundert etter omgjering

Dersom du betaler rekningane dine fram til omgjeringa skjer, vil beløpet som du har rett til som stipend, og som du har betalt inn, automatisk bli refundert når omgjeringa har skjedd. Renter vil også bli sletta og refunderte.

Kvifor må eg betale så mykje når eg berre søkte om stipend og litt lån?

Dersom du søkte om stipend og i tillegg eit avgrensa lån (for eksempel 10 000 kroner i tillegg til omgjeringslånet), har du både omgjeringslån og eit vanleg lån. Det beløpet du fekk som vanleg lån, må du betale tilbake. 

Sjå filmen Problemer med regningen?