Eg er student, kvifor har eg fått ei rekning?

Sist oppdatert: 08.08.2017
Har du fått stipend og lån til utdanning tidlegare og fortset å studere utan få støtte, må du begynne å betale ned på studielånet ditt.

Lånet ditt er berre rente- og avdragsfritt så lenge du mottek studiestøtte frå oss. Det betyr at sjølv om du framleis studerar, men utan studiestøtte, må du begynne å betale ned på lånet ditt. Dette gjeld også dersom du har permisjon eller har teke ein pause i utdanninga.

Du kan søkje om betalingsutsetjing

Dersom du ikkje ønskjer å betale på lånet mens du studerer, må du anten søkje om betalingsutsetjing eller søkje om stipend og lån.

Du har rett til å få utsett betalinga i inntil tre år, utan at du må oppgje nokon grunn. Du kan først søkje om betalingsutsetjing etter at du har fått betalingsplanen din. Den får du på Dine sider omtrent fem månader etter at du sist mottok støtte frå oss.

Sletting av renter

Er du heiltidsstudent på ei utdanning du kunne fått støtte til, men utan å motta stipend og lån, kan du også ha rett til rentefritak. Rentefritak betyr at vi slettar rentene som er lagde til lånet ditt i perioden du har vore i utdanning utan støtte.

Du må vente med å søkje om rentefritak til perioden du skal søkje om rentefritak for er over. Vi kan nemleg først gi rentefritak etter at rentene er lagde til på lånet.

Les meir om overgangen frå student til tilbakebetaler her.

Eg får støtte til deltidsutdanning

Har du studielån frå tidlegare utdanning, og skal ta ei deltidsutdanning, må du framleis betale ned på lånet ditt, sjølv om du får ny støtte.

Når du tek deltidsutdanning, kan du ha rett til rentefritak (sletting av renter).