Har du brukt opp betalingsutsetjingane dine?

Sist oppdatert: 18.02.2019
Du kan få 36 betalingsutsetjingar utan at du treng å vise til nokon årsak. Det går også an å få fleire.

Du kan få fleire betalingsutsetjingar dersom du kan sannsynleggjere at du har rett til å få sletta renter på lånet ditt.

Slik søker du om fleire utsetjingar

For å søke om fleire utsetjingar må du først sende inn ein søknad om sletting av renter. Deretter kan du søke om betalingsutsetjing. Du treng ikkje vente på svar på søknaden om sletting av renter før du søker om betalingsutsetjing. Du søker på Dine sider.

Dersom du ikkje har tilgang til Dine sider, kan du søke på papirskjema. Hugs å leggje ved dokumentasjon.

Du kan ikkje ha for høg inntekt

For å ha rett til å få sletta renter, og dermed fleire betalingsutsetjingar, er det også eit vilkår at inntekta di er under grensene til Lånekassen. Vi hentar dokumentasjon om inntekt direkte frå skatteetaten. Ved behov hentar vi også inntektsinformasjon for deg og ein eventuell ektefelle/sambuar frå a-ordninga.

Bur du i utlandet eller er sjølvstendig næringsdrivande, må du likevel sende inn dokumentasjon på månadleg bruttoinntekt sjølv. Det er fordi a-ordninga ikkje inneheld informasjon om inntekt frå utlandet, næringsinntekt eller kapitalinntekt. Les meir om å søke om sletting av renter dersom du bur i utlandet.