Betalingsutsetjing

Sist oppdatert: 24.11.2017
Dersom du ikkje kan betale rekninga di, kan du enkelt søkje om betalingsutsetjing på Dine sider. Du treng ikkje oppgi nokon grunn.

Betalingsutsetjing betyr at du slepp å betale rekninga no, men at nedbetalingstida blir lengre. Du kan søkje om betalingsutsetjing sjølv om betalingsfristen har passert. Du kan også søkje om å få utsetje framtidige rekningar, for opptil seks månader om gongen.

Søk om betalingsutsetjing

Du kan utsetje betalinga for 36 månader

Du kan få utsett 36 rekningar til saman, som tilsvarer tre år. På Dine sider får du oversikt over kor mange betalingsutsetjingar du har brukt, og kor mange du har igjen.

Kva skjer med lånet mitt når eg utset rekninga?

Når du utset ei betaling, forlengjer vi nedbetalingstida di. Det fører til at du må betale meir renter samla sett, enn om du ikkje utset betalinga. Utset du éi rekning, utvidar vi nedbetalingstida med éin månad. Utset du to rekningar, utvidar vi med to månader, og så vidare. Betalingsplanen din blir oppdatert på Dine sider for kvar gong du får ei utsetjing.

Nedbetalingstida kan ikkje bli utvida til meir enn 30 år, og lånet skal vere tilbakebetalt før du fyller 65 år. Du kan når som helst velje å forkorte nedbetalingstida igjen, og dermed også redusere dei totale rentekostnadene på lånet ditt. Du endrar nedbetalingstida sjølv på Dine sider.

Har du brukt opp betalingsutsetjingane dine?

Du kan få utsett betalinga for meir enn 36 månader dersom du har rett til å få sletta renter. Har du brukt opp betalingsutsetjingane dine, må du først søkje om å få sletta renter, før du søkjer om betalingsutsetjing. Les meir om kva du kan gjere dersom du har brukt opp betalingsutsetjingane dine.