E-faktura

Sist oppdatert: 29.12.2017
Har du e-faktura sparer du både tid og 18 kroner for kvar rekning.

Kvifor e-faktura?

  • Du sparer 18 kroner for kvar rekning.
  • Du får påminning om rekninga på e-post.
  • Du har full kontroll - ingen pengar blir trekte frå kontoen din før du godkjenner betalinga i nettbanken.
  • Du kan endre betalingsdato og beløp sjølv.
  • Du slepp å taste inn KID-nummer og kontonummer for å betale rekninga.
  • Du får tak i rekninga di kvar du enn er.

Blir kontoen min belasta automatisk når eg bestiller e-faktura?

Nei, du må sjølv trykkje på ”betal” for at kontoen din skal bli belasta. Har du valt avtalegiro og har e-faktura samtidig, vil du få varsel om rekning som avtalegiro. Vi tilbyr ikkje ein kombinasjon av avtalegiro og e-faktura. Les meir om avtalegiro her.  

E-faktura kan berre brukast av deg

E-faktura kan berre brukast og bestillast av deg. Byter du bank følgjer e-fakturaen automatisk med til den nye banken din. Har du fleire bankar, vil e-fakturaen bli sendt til alle bankane.

Korleis bestille e-faktura?

Du kan opprette e-faktura i nettbanken din eller på Dine sider. Treng du eit referansenummer for å opprette e-faktura, er det dei sju første siffera i KID-nummeret ditt du skal bruke. KID-nummeret finn du på "din profil" på Dine sider. Dersom du søkjer oss opp i banken din, kan det vere lurt å søkje på «Statens lånekasse for utdanning», ikkje berre Lånekassen.

Fleire banker tilbyr deg å takke ja til e-faktura frå alle tilbydarar. Takkar du ja til ein slik avtale, vil du også få rekningane frå Lånekassen på e-faktura så sant du ikkje allereie har ein avtalegiro-avtale. Merk at det kan ta opptil ei veke før det er registrert hos oss at du har takka ja til e-faktura.