Avtalegiro

Sist oppdatert: 11.01.2018
Gjer det enkelt for deg sjølv, vel avtalegiro for å betale studielånet ditt.

Avtalegiro er ei betalingsløysing der banken sørgjer for at rekninga blir betalt frå kontoen din på rett dato og du blir varsla på førehand. Får du avtalegiro frå oss, sparer du fakturagebyret på 18 kroner så lenge du ikkje har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon med Lånekassen.

Kor inngår eg avtalegiro?

Du kan inngå avtalegiro i nettbanken din eller på Dine sider. Treng du eit referansenummer for å opprette avtalegiro, er det KID-nummeret ditt du skal bruke.

Du har sjølv ansvar for å undersøkje om avtalegiroen som er inngått er aktiv i nettbanken, og at beløpet blir trekt på forfallsdato. Det kan ta nokre dagar frå den er oppretta på Dine sider til den er aktiv i banken. Får du ei rekning, enten på papir eller som e-faktura, må du betale den.  

Reservert deg mot elektronisk kommunikasjon?

Har du reservert deg mot elektronisk kommunikasjon med det offentlege, får du varsel om avtalegiro per brev og må betale fakturagebyret på 18 kroner. Du finn informasjon om reservasjon, og mogelegheit til å endre til ikkje reservert, på Dine sider. Har du ikkje reservert deg, blir du varsla om avtalegiroen på e-post og du slepp å betale fakturagebyret på 18 kroner.

Sett et høgt nok maksbeløp

Når du vel avtalegiro, kan du som regel setje ei grense for kor stort beløp som kan bli trekt frå kontoen din. Då bør du velje eit beløp som tar høgd for renteauke, purregebyr og eventuelle endringar av terminbeløpet som du sjølv gjer. Vi anbefaler deg til å setje grensa til fire gonger månadsbeløpet. Vi trekkjer ikkje eit høgare beløp enn det som står på rekninga.

Avtalegiro og betalingsutsetjing

Dersom du har avtalegiro og får betalingsutsetjing, må du sørgje for å stoppe det månadlege trekket for den same perioden i nettbanken din. Har du fått betalingsutsetjing for ein periode på fleire månader på ein gong, held det å stoppe det første månadlege trekket. Deretter sender vi ikkje ut krav for resten av den perioden.

Eg har avtalegiro. Kvifor får eg papirfaktura i tillegg?

Sjølv om du har inngått avtalegiro kan du likevel få rekningar og purringar i posten frå oss.

Grunnen til det kan vere at:

  • avtalegiroavtalen blei registrert etter at vi hadde sendt deg ei rekning
  • du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon med det offentlege
  • e-posten din er inaktiv*

* Dersom e-posten din har blitt sett til å vere inaktiv hos oss, kan vi ikkje sende deg e-post med varslar. Dette skjer dersom du ikkje har vore pålogga Dine sider, eller vore i elektronisk kontakt med anna offentleg styresmakt i løpet av dei siste 18 månadene. Dersom dette skjer må du logge deg på Dine sider og stadfeste e-postadressa di.

For å unngå purringar må du derfor alltid betale rekninga frå oss, sjølv om den kjem på papir.

Du kan ikkje både ha avtalegiro og e-faktura

Har du valt avtalegiro og samtidig har e-faktura, vil du få terminvarslet som avtalegiro. Vi tilbyr ikkje ein kombinasjon av avtalegiro og e-faktura. Ønskjer du e-faktura, må du slette avtalegiroavtalen.

Eg finn ikkje Lånekassen som tilbyder av avtalegiro i nettbanken min.

Lånekassen står oppført som «Statens lånekasse for utdanning», ikkje som «Lånekassen».

Dersom du ikkje får til å søkje oss opp i nettbanken din, kan du inngå avtale om avtalegiro på Dine sider her hos oss.

Kva skjer når eg byter bank?

Når du byter bank følgjer avtalegiroen ikkje med til den nye banken din. Derfor må du opprette ein ny avtalegiroavtale i den nye banken.

Dersom vi allereie har sendt ei rekning til den gamle banken, må du betale denne manuelt. Frå neste rekning går avtalegiroavtalen som normalt.

Kvifor får eg feilmelding når eg skal signere avtalen om avtalegiro med BankID?

«Avtalegiro med elektronisk signering» er eitt av fleire bruksområde for BankID. Det er ikkje sikkert at din BankID støtter dette. Spør banken din for vidare hjelp. Lånekassen kan ikkje løyse problem knytt til din BankID, det kan berre banken.