Annullert avtale om støtte

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Når avtala om støtte er annullert, får du ikkje utbetalt støtta frå Lånekassen. Les her kva du må gjere for å få utbetalt pengane.

Annulleringa skjer fordi Lånekassen ikkje har motteke

  • underteikna avtala om støtte frå deg innan fristen, eller
  • stadfesting frå lærestaden på at du har opptak ved den utdanninga du har fått støtte til, eller
  • stadfesting frå deg på ein konto som du sjølv eig

Korleis få pengane?

Når du har motteke brev eller e-post om annullering, er det for seint å sende inn det opphavlege avtale om . For å få betalt ut støtta treng du ei ny avtale om støtte.

Under ser du kva du må gjere for å få ny avtale om støtte sendt til deg. Merk at det kan ta ei dryg veke frå du eller lærestaden sender inn det som er naudsynt, til det er registrert inn hos Lånekassen og pengane kjem på konto.

Kva er problemet? Kva må du gjere?

Du har ikkje skrive under på avtala om støtte innan fristen.

Send oss ein e-post, ring, eller send oss eit brev og sei at du ønskjer ny avtale om støtte sendt til deg.


Lærestaden har ikkje stadfesta at du har opptak ved den utdanninga du har fått støtte til.

  1. Ta kontakt med lærestaden for å få registrert deg som elev/student.
  2. Etterpå må du sende oss ein e-post, ringe, eller sende brev om at du fortsatt ønskjer den tildelte støtta.

Du har ikkje sendt inn stadfesting på ein konto som du sjølv eig.

Registrer kontonummeret ditt på Dine sider.

Du må seie frå innan fristen for å få pengane

Du må sende e-post, ringe, eller sende inn brev og eventuelt registrere kontonummer innan tre veker frå du mottok brevet om annullering. Dersom skoleåret/utdanninga er avslutta, kan du ikkje få betalt ut pengane.