Slik får du pengane

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Når vi har behandla søknaden din, får du svar på Dine sider. Du eller foreldra dine må signere avtalen, avhengig av om du er 18 år og om du har fått lån.

Slik får du pengene

Eg må betale skolepengar

Går du på ein privat skole og må betale skolepengar, blir også lån til skolepengar utbetalte ved semesterstart.

Du må eige din eigen konto

Vi kan berre setje inn pengar på ein konto du eig. På den måten kontrollerer vi at det er rett person som får pengane. Du kan endre kva konto du vil ha pengane overført til på Dine sider.

Får du ikkje endra kontonummer på Dine sider, må du sende inn ei stadfesting til oss frå banken, med nummer til ein konto du eig, før pengane kan overførast. Du bruker Skjema for opplysningar om kontonummer (pdf) til dette.

Dersom du går på skole i utlandet

Går du på skole i utlandet får du pengane frå Lånekassen utbetalt kvart halvår. Lånekassen sender avtala om støtte til den siste adressa som er registrert i Lånekassen. Du må skrive under på avtalen og sende den i retur. Når vi har fått den tilbake, blir pengane overførde til kontoen din i Noreg.

Når du er under 18 år må foreldra dine signere avtalen for deg. Dei kan signere elektronisk. Det går raskere dersom dei opprettar ein digital postkasse før du søkjer.

Du må sjølv avtale med banken din om overføring av pengane til utlandet dersom du skal overføre pengane til ein utanlandsk bank.

Utbetaling til foreldre/verje

For søkjar under 18 år har foreldre/verje rett til å be om at pengane bli overført til kontoen deira.

For å få pengane utbetalt må foreldre eller verje sende inn:

  • eit eige brev om at pengane skal utbetalast til foreldra/verje sin konto, med signatur frå foreldre/verje
  • stadfesting frå banken med stempel og underskrift som viser kven som eig kontoen.

Brevet frå foreldre/verje og stadfestinga frå banken må sendast inn samla.

Lånekassen kan stoppe utbetalingar

Lånekassen kan stoppe utbetalingane for resten av perioden dersom du

  • avbryt utdanninga og ikkje lenger har rett til støtte
  • bryt pliktene dine overfor Lånekassen

Du må gi melding til oss dersom du sluttar i utdanninga, eller om det oppstår andre forhold som gjer at du ikkje lenger skal ha pengar frå oss.

Har du mista eller ikkje fått avtalen din om støtte?

Har du mista eller ikkje fått avtalen din om støtte, kan du bestille ein ny kopi.

Du bestiller kopien på Dine sider. Her kan du også sjå kva adresse vi sender kopien til.

Hugs å endre adresse dersom du har flytta, eller vil ha breva dine frå Lånekassen til ei anna adresse enn den vi har registrert på deg.

Eg har fått støtta annullert

Annulleringa skjer fordi Lånekassen ikkje har motteke

  • underskriven avtale om støtte frå deg innan fristen, eller
  • stadfesting frå lærestaden på at har begynt på den utdanninga du har fått støtte til, eller
  • stadfesting frå deg på ein konto som du sjølv eig

Du må seie frå innan fristen for å få pengane

Du må sende e-post, ringe, eller sende brev og eventuelt registrere kontonummer innan tre veker frå du mottok brevet om annullering. Dersom skoleåret/utdanninga er avslutta, kan du ikkje få utbetalt pengane.