Sjukestipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Dersom du blir sjuk og ikkje kan møte til undervisninga, kan du få sjukestipend.

Dersom du er sjuk i meir enn to veker, kan du få stipend og lån som du har fått utbetalt i perioden du var sjuk, omgjort til sjukestipend. Du kan maksimalt få sjukestipend i fire månader og 15 dager i løpet av eit undervisningsår.

Kva er sjukestipend?

Når du får sjukestipend, blir støtte du har fått i perioden du var sjuk, gjort om til stipend. Sjukestipend blir gitt på etterskott, det vil seie at du må søkje etter at du er blitt frisk eller etter at undervisningsåret er avslutta.

Kven kan få sjukestipend?

For å få sjukestipend må du ha vore minst 50 prosent studieufør i mer enn to veker. Du får ikkje sjukestipend for dei første to vekene av sjukdomsperioden. Ein lege eller ein annan med sjukemeldingsrett må stadfeste kor mange prosent studieufør du har vore, og i kva periode du har vore sjuk.

Du kan også få sjukestipend dersom du ikkje kan følgje undervisninga på grunn av sjukdom hos barn under 12 år.

Du kan ikkje få sjukestipend dersom du har fått arbeidsavklaringspengar frå Nav i den same perioden du søkjer sjukestipend.

Du får heller ikkje sjukestipend dersom du blei sjuk før du søkte om stipend og lån frå oss. Vi kan gjere unntak frå dette dersom du var i utdanning som gir rett til støtte i semesteret før du blei sjuk.

Eg bestod ikkje eksamen fordi eg var sjuk

Du kan ikkje få sjukestipend dersom du er sjuk somme dagar midt i eksamensperioden, men vi kan sjå bort frå fagleg forseinking dersom du sender oss ein legeattest som viser at du blei seinka på grunn av sjukdom.

Slik søkjer du om sjukestipend

Du må fylle inn og sende inn «søknad om sjukestipend» (skjema S). På skjemaet skal legen din, eller ein annan med sjukmeldingsrett, stadfeste opplysningane med underskrift og stempel.

Knapp last ned skjema

Søknadsfrist

Søknadsskjemaet må ha kome inn til oss seinast seks månader etter at undervisningsåret/kurset er avslutta. Var du for eksempel sjuk i løpet av vårsemesteret 2016, er fristen for å søkje om sjukestipend innan 15. desember 2016. Lånekassen reknar undervisningsåret for å vare frå 16. august til 15. juni.

Vidaregåande med ungdomsrett

Tek du vidaregåande utdanning med ungdomsrett, kan du få sjukestipend i den perioden du er sjuk dersom du oppfyller krava til sjukestipend. Beløpet du då får som sjukestipend er det same som du ville ha fått i stipend og eventuelt lån dersom du ikkje var sjuk, og vil bli gradert i forhold til den delen du er studieufør.

Eg har avbrote

Dersom du avbryt utdanninga di på grunn av sjukdom, har du ikkje lenger rett til vanleg støtte, men du kan få sjukestipend for perioden du var sjuk. Sjukestipend søkjer du om etter du har blitt frisk, eller når semesteret er avslutta.

Eg har teke permisjon på grunn av sjukdom

Ordninga med sjukestipend gjeld også når du må ta permisjon på grunn av sjukdom.

Hugs at du må melde frå til Lånekassen dersom du tek permisjon. Har du permisjon på grunn av sjukdom, vil du ikkje få utbetalt støtte før søknaden om sjukestipend er innvilga. Sjukestipend søkjer du om etter du har blitt frisk eller når semesteret er avslutta.

Eg får sjukepengar frå andre

Du kan få sjukestipend også dersom du får sjukepengar frå Nav eller arbeidsgivar. Du kan få differansen mellom sjukepengane og støtta frå Lånekassen som sjukestipend. Du må sende inn dokumentasjon frå arbeidsgivar eller Nav som viser kor mykje sjukepengar du får, og i kva periode du har fått sjukepengar.

Eg er delvis sjukmeld

Blir du sjuk og minst 50 prosent studieufør i perioden du har fått støtte til, kan du få gradert sjukestipend. Det vil seie at du får sjukestipend tilsvarande prosenten du er studieufør. Dersom du for eksempel er 50 prosent studieufør, kan du få halvparten av støtta du fekk i sjukdomsperioden gjort om til sjukestipend. Ein lege eller ein annan med sjukestipend må stadfeste kor mange prosent studieufør du har vore.