Lærlingar

Sist oppdatert: 03.04.2019
Som lærling kan du ha rett til både stipend og lån frå Lånekassen i 11 månader per skoleår. Du må vente med å søkje til lærekontrakten din er godkjent.

Du kan ikkje søkje før lærekontrakten din er godkjent

For at lærekontrakten din skal vere godkjent må den godkjennast både av arbeidsgivaren din, og av fagopplæringskontoret i fylket ditt. Når kontrakten din er registrert som godkjent hos Vigo gir dei melding til oss, og du kan søkje. Dette kan ta litt tid.

Er du lærekandidat eller praksisbrevkandidat, må du også ha ein godkjent opplæringskontrakt.

Har du spørsmål om godkjenning av lærekontrakten din, kan du kontakte fagopplæringskontoret i fylket ditt.

Bustipend til bortebuarar

Må du bu borte frå foreldra dine i læretida, kan du få bustipend på opptil 4 517 kroner i månaden.

Kor mykje du kan få i bustipend er avhengig av kva du tener som lærling. Bustipendet blir redusert dersom du tener meir enn 14 417 kroner brutto per månad. 60 prosent av det beløpet du tener over grensa, blir trekt frå stipendet. Tener du for eksempel 15 000 kroner brutto per månad, blir bustipendet redusert ditt med 349,80 kroner i månaden, frå 4 517 kroner til 4 167,20 kroner per månad. Les om vilkåra for bustipend.

Lån som lærling

Du kan låne inntil 3 261 kroner per månad dersom du er lærling med ungdomsrett, over 18 år og bur borte frå foreldra dine. Les meir om lån her.

Når kan du søkje om støtte?

Er du lærling, må søknaden din for skoleåret 2019–2020 ha kome inn til Lånekassen innan 30. juni 2020, eller innan lærekontrakten blir avslutta, dersom lærekontrakten din blir avslutta før 30. juni 2020.

Søknad for skoleåret 2018–2019 må vere komen inn til Lånekassen innan 30. juni 2019, eller innan lærekontrakten blir avslutta.

Har du ikkje ungdomsrett?

Ungdomsrett betyr at du har rett til vidaregåande opplæring. Har du ungdomsrett, får du støtte frå oss etter regelverket som gjeld for vanleg vidaregåande opplæring. Er du usikker på om du har ungdomsrett, spør skolen din. Du kan lese meir om ungdomsrett her.

Dersom du ikkje har ungdomsrett, kan du få støtte etter dei same reglane som studentar i høgare utdanning. Det betyr at du får støtta utbetalte som lån i første omgang, deretter blir ein del gjort om til stipend når du består eksamen.

Grunnstipend

Når du er lærling, er det fleire forhold som avgjer om du kan få grunnstipend. Vi ser på inntekta til begge foreldra dine, sjølv om du ikkje bur saman med dei, og lærlinglønna di.

Dersom lærlinglønna din er over 5 470 kroner per månad, får du ikkje grunnstipend. Dersom lærlinglønna din er under 5 470 kroner, kan inntekta til foreldra dine, og eventuelt nye ektefellar/sambuarar til foreldra dine, medføre at du likevel ikkje får grunnstipend. I berekninga tek vi omsyn til tal sysken/halvsysken fødde i 2001 eller seinare.

Les mer om grunnstipendet her.

 

Lærling i utlandet

Tar du heile eller deler av læretida i utlandet kan du få støtte dersom du har lærekontrakt og fylkeskommunen har godkjent opplegget.

Har du lån frå før?

Når du får pengar frå Lånekassen i læretida, er lånet ditt automatisk rentefritt og betalingsfritt så lenge du går i lære på fulltid.

Får du avslag på søknad om stipend fordi du har for høg lærlinglønn, eller på grunn av økonomien til foreldra dine, kan du søke om betalingsutsetjing og å få sletta renter.

Les meir om sletting av renter og betalingsutsetjing.