Vidaregåande opplæring utan ungdomsrett

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du kan få støtte til vidaregåande opplæring sjølv om du ikkje har ungdomsrett.

Med eller utan ungdomsrett: Kva er forskjellen?

Ungdomsrett betyr at du har rett til vidaregåande opplæring. Har du ungdomsrett, får du støtte frå Lånekassen etter regelverket som gjeld for vanleg vidaregåande opplæring. Er du usikker på om du har ungdomsrett, spør du på skolen din eller leser meir om ungdomsrett her.

Dersom du ikkje har ungdomsrett, kan du få støtte etter dei same reglane som studentar på universitet og høgskoler får. Det betyr at du får støtta utbetalte som lån i første omgang, deretter blir ein del gjord om til stipend når du består eksamen. Etter desse reglane kan du maksimalt få støtte i åtte år, og du bruker av desse åtte åra dersom du får støtte til vidaregåande opplæring utan ungdomsrett. Du kan lese meir om desse reglane under høgare og anna utdanning.

Kor mykje du kan få i støtte

Støttebeløpet avheng av studiebelastninga di. Når du tek vidaregåande fag, er det mengda årstimar som avgjer om du kan få støtte. Kor mange årstimar du tek, avgjer også kor mykje støtte du kan få. Her finn du tabellen til basisstøtta.

Søknaden du skal bruke

Når du ikkje har ungdomsrett, skal du bruke søknaden for høgare og anna utdanning.

Gå til søknaden