Ungdomsrett

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 16.05.2017
Å ha ungdomsrett betyr at du har rett til vidaregåande opplæring.

Så lenge du har ungdomsrett, kan du få stipend og lån frå Lånekassen etter reglane som gjeld for vanleg vidaregåande opplæring.

Ungdomsrett

Ungdomsrett har du etter § 3-1 i opplæringslova. Det er ikkje Lånekassen som bestemmer om du har ungdomsrett eller ikkje, det får vi beskjed om frå skolen din. Hovudregelen er:

  • Du har rett til vanleg vidaregåande opplæring i tre år (eventuelt fleire år hvis utdanninga varar lengre).
  • Du må bruke retten innan utgangen av det året du fyller 24 år.

Les meir om ungdomsrett her eller spør på skolen din hvis du er usikker på om du har ungdomsrett. 

Ungdomsrett og foreldres inntekt

Så lenge du har ungdomsrett, har foreldra dine forsørgjarplikt for deg, også etter at du har fylt 18 år. Derfor sjekkar Lånekassen kor mykje foreldra dine har i inntekt, og kor langt unna lærestaden din dei bur, for å finne ut kor mykje stipend du har rett til. Forsørgjarplikten er omtala i barnelova.

Har du ikkje lenger ungdomsrett?

Då kan du få støtte til vidaregåande opplæring etter regelverket som gjeld for høgare og annan utdanning. Les om støtte til vidaregåande opplæring utan ungdomsrett her.