Fråvær og avbrot

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du har plikt til å informere Lånekassen dersom du ikkje følgjer utdanninga som planlagt.

Skolen melder frå til Lånekassen når elevar har stort fråvær. Dersom du har eit for stort fråvær, kan vi stoppe utbetalingane til deg.

Dersom du sluttar midt i skoleåret

Når du har slutta på skolen, har du ikkje rett til pengar frå Lånekassen. Dersom du avbryt eit skoleår, kan for mykje utbetalt stipend bli gjort om til lån, og vi kan krevje at du betaler pengane tilbake.

Du må melde frå om endringar

Meld frå til Lånekassen dersom du

  • sluttar eller tek ein pause i utdanninga
  • byter skole eller studieretning
  • flytter heim til foreldra dine

Du kan melde frå om endringar på Dine sider.

Dersom du let vere å melde frå, eller gir feil opplysningar, kan vi gjere om det du har fått for mykje i stipend til lån, og krevje pengane tilbake. Vi kan også nekte deg meir støtte til utdanning. Les meir om ditt ansvar her.

Dersom avbrot eller fråvær skuldast sjukdom

Dersom avbrot eller fråvær skuldast sjukdom, kan du ha rett til å behalde støtte for ein periode på inntil 4,5 månader. Du må sende legeattest til Lånekassen. Det må gå fram kva periode du har vore/er sjuk, med startdato og sluttdato. Les meir om stipend når du er sjuk her.