Vidaregåande opplæring i utlandet

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Lånekassen gir vanlegvis ikkje støtte til vidaregåande opplæring utanfor Norden, men vi kan likevel gi støtte i visse tilfelle.

Lånekassen gir som hovudregel ikkje støtte til vidaregåande opplæring utanfor Norden, for eksempel til High School i USA. Vi kan likevel unntaksvis gi støtte for deg som

  • er busett i utlandet av særlege årsaker
  • skal gå på ein fransk lycée med opptak gjennom SIU eller IFN
  • skal gå på United World College med opptak gjennom SIU
  • skal ta yrkesfagleg utdanning som ikkje finst i Noreg

Busett i utlandet av særlege årsaker

Elevar som er busette i utlandet på grunn av eigen sjukdom, og elevar som følgjer foreldre eller ektefelle busett i utlandet i ein tidsavgrensa periode, kan ha rett til støtte. Også elevar som følgjer foreldra til utlandet fordi ein av foreldra er busett der på grunn av sjukdom, har rett til støtte til vidaregåande opplæring. I slike tilfelle er det ikkje nødvendig at utlandsopphaldet er tidsavgrensa.

Årsaka til at du skal bu i utlandet må dokumenterast og du må ha ungdomsrett.

* Dersom du er busett i utlandet på grunn av eigen sjukdom, må du sende inn ei legeerklæring som stadfestar sjukdom og at dette er årsaka til at du er busett i utlandet.

Les meir i § 33-6 med merknader i forskriftens fjerde del.

Så mykje kan du få

Retten til utstyrsstipend, grunnstipend og lån til vidaregåande opplæring i utlandet er den same som i Noreg. Dersom du ikkje bur saman med foreldra/forsørgjarane dine i utlandet, kan du få bustipend og reisestøtte til to reiser tur-retur i året.

Dersom du skal ta utdanning i utlandet med eit anna undervisningsspråk enn engelsk, kan du også få språkstipend til eit språkkurs.

Betaler du skolepengar, kan du få stipend til delvis dekning av desse. For å søkje om skolepengar, må du fylle ut og sende inn eit P-skjema. På baksida av skjemaet står det korleis du skal stadfeste beløpet for skolepengane. Du kan ikkje få stipend til dekning av skolepengar dersom du går på ein norsk skole i utlandet. Du finn skjemaet på denne sida.

Søkjer du om lån i tillegg til stipend, kan du også få lån til dekning av skolepengar.

Slik søkjer du

Du søkjer om stipend og lån på Dine sider. Du må leggje ved dokumentasjon som viser:

  • at årsaka til at du skal ta vidaregåande opplæring i utlandet er ei årsak som kan gi rett til støtte frå Lånekassen
  • at du har opptak i fulltidsutdanning og kva årstrinn du har fått opptak i
  • kva du eventuelt skal betale i skolepengar, og eventuelt eit utfylt P-skjema

Franske lycéer (gjennom IFN eller Diku)

Dersom du har fått opptak gjennom Institut français dei Norvège eller Direktoratet for i internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) til ein av lærestadene under, kan du ha rett til støtte.

Franske lycéer

Lycée Alain Chartier i Bayeux i Frankrike

Lycée Arcisse de Caumont i Bayeux i Frankrike

Lycée Chevrollier i Angers i Frankrike

Lycée Corneille i Rouen i Frankrike

Lycée d'enseignement général et technologique Notre Dame i Vendée i Frankrike

Lycée Edouard Herriot i Lyon i Frankrike

Lycée François Rabelais i Vendée, Frankrike

Lycée d'Hôtellerie et de Tourisme i Illkirch, Frankrike

Lycée Hôtelier i La Rochelle i Frankrike

Lycée Hôtelier Raymond Mondon i Metz i Frankrike

Lycée des Métiers de l'hôtellerie et de la restauration JBS Chardin i Gérardmer, Frankrike

Lycée hôtelier Savoie-Léman i Thonon les Bains, Frankrike

Så mykje kan du få

Retten til utstyrsstipend, grunnstipend og lån til vidaregåande opplæring i utlandet er den same som i Noreg. Dersom du ikkje bur saman med foreldra/forsørgjarane dine i utlandet, kan du få bustipend og reisetilskott til to reiser tur-retur i året.

Dersom du skal ta utdanning i utlandet med eit anna undervisningsspråk enn engelsk, kan du også få språkstipend til eit språkkurs.

Slik søkjer du

Du søkjer om stipend og lån på Dine sider. Vi får opplysningane vi treng om opptaket ditt frå Institut français dei Norvège eller Diku, du treng derfor ikkje sende inn dokumentasjon på opptak.

Yrkesfagleg opplæring

Du kan få støtte til yrkesfagleg opplæring i utlandet når utdanning innanfor tilsvarande fagområde anten ikkje finst i Noreg, eller blir rekna som eit av dei små verneverdige faga i Noreg. Kva fag det gjeld står på ei liste publisert av Utdanningsdirektoratet. Opplæringa må ha offentleg godkjenning i studielandet, eller bli tilrådd av ein norsk faginstans.

Så mykje kan du få

Kva slags type støtte du kan få, kjem an på om du har ungdomsrett til vidaregåande utdanning eller ikkje, og om utdanninga du skal ta tilsvarer vanleg vidaregåande opplæring eller fagskoleutdanning i Noreg.

Har du ungdomsrett, og skal ta utdanning som tilsvarer vanleg vidaregåande opplæring i Noreg?

Då har du lik rett til utstyrsstipend, grunnstipend og lån til vidaregåande opplæring i utlandet som du har i Noreg. Bur du ikkje saman med foreldra dine i utlandet, kan du få bustipend og tilskott til to tur-retur reiser i året.

Dersom du skal ta utdanning i utlandet med eit anna undervisningsspråk enn engelsk, kan du også få språkstipend til språkkurs.

Betaler du skolepengar, kan du få stipend til delvis dekning av desse. For å søkje om støtte til skolepengar, må du fylle ut og sende inn eit P-skjema. På baksida av skjemaet står det korleis du skal stadfeste beløpet for skolepengane. Søkjer du om lån i tillegg til stipend, kan du også få lån til dekning av skolepengar.

Har du ikkje ungdomsrett, eller skal du ta utdanning som tilsvarer fagskoleutdanning i Noreg?

Då kan du få støtte på lik linje med ein elev ved fagskole i Noreg. Dersom du ikkje bur saman med foreldra dine i utlandet, kan inntil 40 prosent bli omgjort til stipend når utdanninga er fullført og bestått. Retten til utdanningsstipend blir behovsprøvd mot inntekt og formue.

Bur du ikkje saman med foreldra dine i utlandet, kan du få tilskott til to tur-retur reiser i året.

Dersom du skal ta utdanning i utlandet med eit anna undervisningsspråk enn engelsk, kan du få språkstipend til eit språkkurs.

Betaler du skolepengar, kan du få støtte til dekning av skolepengar

Slik søkjer du

Du søkjer om stipend og lån på Dine sider. Dersom du har ungdomsrett, og utdanninga du skal ta tilsvarer vanleg vidaregåande utdanning i Noreg, vel du søknaden for vanleg vidaregåande opplæring. Dersom du ikkje har ungdomsrett, eller dersom utdanninga du skal ta tilsvarer norsk fagskoleutdanning, vel du søknaden for høgare og anna utdanning. Kontakt oss gjerne om du lurer på kva søknad du skal bruke.

Du må leggje ved dokumentasjon som viser:

  • at du har opptak i fulltidsutdanning
  • normert lengd for utdanninga
  • kva nivå du har fått opptak i
  • kva du eventuelt skal betale i skolepengar, og eventuelt eit utfylt P-skjema

United World Colleges (gjennom Diku)

Dersom du har fått opptak gjennom Direktoratet for i internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) til eit United World College på lista under kan du ha rett til støtte.

UWC Atlantic College

UWC Robert Bosch College

UWC Adriatic

UWC USA

UWC Costa Rica

UWC Li Po Chun

UWC Maastricht

UWC Mahindra College

UWC Mostar

UWC Pearson College

UWC South East Asia 

UWC Waterford Kamhlaba

UWC Dilijan College

UWC Changshu China

Så mykje kan du få

Retten til utstyrsstipend, grunnstipend og lån til vidaregåande opplæring i utlandet er den same som i Noreg. Dersom du ikkje bur saman med foreldra/forsørgjarane dine i utlandet, kan du få bustipend og reisetilskott til to reiser tur-retur i året.

Dersom du skal ta utdanning i utlandet med eit anna undervisningsspråk enn engelsk, kan du også få språkstipend til eit språkkurs.

Betaler du skolepengar, kan du få stipend til delvis dekning av desse.

Slik søkjer du

Du søkjer om stipend og lån på Dine sider. Vi får opplysningane vi treng om opptaket din og det du eventuell betalar i skolepengar frå Diku, du treng derfor ikkje sende inn dokumentasjon på dette.