Reisestipend i Norden

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Dersom du bur borte, kan du få reisestipend. Reisestipend er eit tilskott til å dekkje reisekostnader i skoleåret.

Reisestipend blir gitt etter faste satsar, avhengig av kva land i Norden du går på skole i. Du kan også få reisestipend for reise mellom den folkeregistrerte adressa di og grensestasjonen for utreise. Vi trekkjer frå ein eigendel på 1 165 kroner per undervisningsår av beløpet du kan få som reisestipend.

Merk at informasjonen på denne sida gjeld deg som får støtte etter reglene for vanleg vidaregåaende opplæring. Får du støtte etter reglene for høgare og anna utdanning, har du ikkje rett til reisestipend.

Reisestipendet dekkjer ikkje dei faktiske kostnadene dine ved å reise til og frå landet du skal til, men er eit tilskott for å dekkje delar av kostnadene.

Slik reknar vi ut reisestipend når du studerer i Norden

Reisestipendet blir rekna ut på bakgrunn av tre satsar:

  1. ein fast sats avhengig av kva nordisk land du skal reise til
  2. reisestipend frå adressa di i Noreg til grensestasjonen
  3. eigendelen vi trekkjer frå

Reisestipend til Danmark

Eksemplet tek utgangspunkt i at det er ein avstand på 400 kilometer frå den folkeregistrerte adressa di til grensestasjonen, og at du får stipend for eit heilt undervisningsår.

Sats for reisestipend til Danmark per reise

742 kroner

Første 300 km

300*1,79

Siste 100 km

100*0,99

Beløp per reise

1 378 kroner

Tal på reiser per undervisningsår

6 reiser

Reisestipend før eigendel

8 268 kroner

Eigendel

-1 165 kroner

Reisestipend heile undervisningsåret

7 103 kroner

Forklaring til tabellen

Satsen for ei reise til Danmark er 742 kroner. Dersom det er 400 kilometer til den fastsette grensestasjonen for Danmark, vil vi for dei første 300 kilometrane leggje kilometersatsen på 1,79 kroner til grunn. For dei neste 100 kilometrane blir satsen på 0,99 kroner lagd til grunn. Du kan få støtte til tre tur-retur-reiser i året, det vil seie at vi gongar satsane med seks. Deretter trekkjer vi frå eigendelen og finn ut kor mykje reisestipend du kan få.

Satsar for reisestipend til dei ulike nordiske landa

I tabellen under ser du kor mykje reisestipend du kan få til dei ulike landa per reise.

Land Beløp per reise
Danmark 742 kroner
Finland 742 kroner
Færøyene 1 808 kroner
Island 1 253 kroner
Sverige 742 kroner

Reglar for utrekning av reisestipend internt i Noreg

I Noreg reknar vi ut reisestipendet ditt etter faste kilometersatsar mellom heimstaden din og der grensestasjonen for utreise ligg.

For alle nordiske land, utanom Sverige, er grensestasjonen fastsett til å vere Oslo Lufthavn (Gardermoen). Skal du gå på skole i Sverige, får du reisestipend i Noreg fram til Oslo, Trondheim eller Narvik, avhengig av kvar i Sverige du skal studere.

Satsen per kilometer for reisestipendet internt i Noreg blir gradvis lågare dess lenger reiseavstanden mellom heimstad og grensestasjon er.

For dei første 300 kilometrane er satsen 1,79 kroner per kilometer. For dei neste 300–1500 kilometrane er satsen 0,99 kroner per kilometer. For dei kilometrane som overstig 1500 kilometer, er satsen 0,36 kroner per kilometer.