Vidaregåande opplæring i Norden

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Vi kan gi støtte til vidaregåande opplæring som er offentleg godkjent i studielandet, og som er godkjent av "Lånekassen" i landet.

Dei fleste offentlege vidaregåande skolar i Norden vil vere godkjente. For å få støtte må opplæringa vere på fulltid.

Så mykje kan du få

Støtten til vidaregåande opplæring i Norden er den same som for elevar i Noreg. Du kan få 

Merk at du ikkje kan få bustipend dersom du bur saman med foreldra/forsørgjarane dine der du går på skole.

Skal du betale skolepengar?

Skal du betale skolepengar til den utanlandske skolen, kan du få stipend til delvis dekning av desse når skolepengane ikkje er dekte av andre og du tek vanleg vidaregåande opplæring. Søker du om lån i tillegg til stipend, kan du også få lån til dekning av skolepengar. maksimalt lån til skolepengar er 26 794 kroner for heile undervisningsåret.

For å søkje om dette stipendet, må du fylle ut og sende inn et P-skjema. Du må også leggje ved ei stadfesting frå skolen i utlandet, som viser kor mykje du må betale. Fristen for å sende inn P-skjema er innen undervisningsåret 2018-2019 er avslutta.

Du må søkje og leggje ved dokumentasjon

For å søkje om støtte til vidaregåande opplæring i eit nordisk land, må du:

  1. sende ein søknad om stipend/lån
  2. opplyse om kva du har teke av vidaregåande opplæring frå før, og kva opplæring du planlegg å ta i utlandet
  3. leggje ved stadfesting frå den utanlandske skolen på at du er teken opp til fulltidsutdanning
  4. leggje ved stadfesting frå den utanlandske skolen på skolepengar, dersom du skal betale det. Legg også ved eit utfylt P-skjema.