Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Skal du betale skolepengar?

    Skal du betale skolepengar når du skal på utveksling, kan du få stipend til delvis dekning av desse når skolepengane ikkje er dekte av andre, og du tek vanleg vidaregåande opplæring. Stipendet kan bli gitt med inntil 85 prosent av skolepengane, men maksimalt 93 140 kroner for skoleåret 2017-2018.

    For å søkje om dette stipendet, må du fylle ut og sende inn P-skjemaet. Du må også leggje ved ei stadfesting frå skolen i utlandet, som viser kor mykje du må betale. Fristen for å sende inn P-skjema er innan skoleåret er avslutta.

    Søker du om lån i tillegg til stipend, kan du også få lån til dekning av skolepengar. maksimalt lån til skolepengar er 26 794 kroner for heile undervisningsåret. Du kan ikkje få meir i stipend og lån til skolepengar enn det du faktisk skal betale.