Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Så mykje kan du få

    Utanfor Norden kan du få

    • grunnstipend på inntil 3 224 kroner per månad
    • lån for elevar over 18 år på inntil 3 203 kroner per månad
    • bustipend på 4 437 kroner per månad. Du kan ikkje få bustipend dersom du bur saman med foreldra/forsørgjarane dine der du går på skole
    • utstyrsstipend etter satsen for det utdanningsprogrammet du følgjer i Noreg
    • Reisestøtte

    Reisestøtte

    Tek du vidaregåande opplæring i land utanfor Norden, kan du ha rett til reisestøtte. Du treng ikkje søkje spesielt om reisestøtte, vi gir deg det du har rett til. Du får støtte til to tur-returreiser i året, dersom du får støtte til utlandsopphald heile undervisningsåret.

    Søkjarar som bur saman med ein eller begge foreldra i utlandet, får ikkje reisetilskott.

    Tilskott til reiser utanfor Norden

    Beløpa gjeld to tur-returreiser i året.

     

    Stipend (35 %)

    Lån (65 %)

    Totalt reisetilskott

    Europa

    1 725

    3 203

    4 928

    Nord- og Mellom-Amerika

    6 430

    11 942

    18 372

    Oseania

    9 381

    17 423

    26 804

    Sør-Amerika

    8 233

    15 291

    23 524

    Asia

    5 918

    10 990

    16 908

    Afrika

    7 084

    13 156

    20 240

    I tillegg kan du få tilskott til to reiser tur-retur i året i Noreg. Tillegg blir gitte som 100 prosent stipend i Noreg. Det blir trekt frå ein eigendel på 776 kroner per skoleår.

    Tilskott til reiser mellom Noreg og den regionen du skal til blir gitt med 35 prosent som stipend og 65 prosent som lån.