Utveksling på vidaregåande i utlandet

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 21.02.2018
Vi gir vanlegvis berre støtte til utveksling på Vg2, men det kan det gjerast unnatak.

Utanfor Norden gir vi vanlegvis berre støtte til Vg2. Vi kan gi støtte til utveksling via skolen din eller andre organisasjoner.

Utveksling via skolen din

Med utveksling via skolen meiner vi elevar som:

  • deltek i godkjente samarbeidsprogram mellom norske vidaregåande skolar og utanlandske skolar
  • eller elevar som er i yrkesfagleg studieretning som tek eit godkjent utanlandsopphald.

Utveksling via andre organisasjoner

Med utveksling via andre organisasjonar meiner vi elevar som:

  • tek utvekslingsprogram som varer i eitt år, i regi av ein godkjent utvekslingsorganisasjon.
  • tek studieopphald på minst tre månader gjennom Erasmus+ eller andre nasjonale avtalar. Er opphaldet kortare enn tre månader, kan du behalde støtta du får til vidaregåande opplæring i Noreg. Du treng ikkje søkje spesielt om det.

For å søkje om støtte til utveksling via ein utvekslingsorganisasjon må du leggje ved søknaden, eller sende inn følgjande dokumentasjon seinare:

  • dokumentasjon som viser kva godkjent utvekslingsorganisasjon som organiserer opplegget ditt, og kva land du skal ta utveksling i
  • stadfesting frå skolen din i Noreg som viser at skoleåret i utlandet vil kunne erstatte Vg2 i Noreg.
  • stadfesting frå den utanlandske skolen på skolepengar og fylle ut P-skjema, men berre dersom du skal betale skolepengar.

Godkjente utvekslingsorganisasjonar og samarbeidsprogram

SIU, Senter for internasjonalisering av utdanning, har ansvaret for godkjente samarbeidsprogram mellom norske vidaregåande skoler og utenlandske skoler.

SIU har også ansvar for godkjenning av utvekslingsorganisasjonar.

Forskrifta for godkjenning av utvekslingsorganisasjonar og samarbeidsprogram for støtte gjennom Lånekassen, finn du på Lovdata.

Unnatak for støtte

Det gis vanlegvis berre støtte til utveksling på Vg2. Men dersom utvekslingsopphaldet skal vere i eit land der skuleåret følgjer kalenderåret (som på den sørlige halvkule), kan det gjerast unnatak.

Elevar som tek utveksling i slike land, startar ofte opp i vårsemesteret etter å ha teke fyrste semester av Vg1 i Noreg i først. Når eleven kjem tilbake til Noreg, kan ho anten ta andre semester av Vg1 eller andre semester av Vg2, før ho fortset med Vg3. Det blir gitt støtte til utveksling i slike tilfelle. 

Så mykje kan du få

Utanfor Norden kan du få

  • grunnstipend på inntil 3 167 kroner per månad
  • lån for elevar over 18 år på inntil 3 146 kroner per månad
  • bustipend på 4 359 kroner per månad. Du kan ikkje få bustipend dersom du bur saman med foreldra/forsørgjarane dine der du går på skole
  • utstyrsstipend etter satsen for det utdanningsprogrammet du følgjer i Norge
  • reisestøtte

Reisestøtte

Tek du vidaregåande opplæring i land utanfor Norden, kan du ha rett til reisestøtte.

Kor mykje du får, avheng av kor du skal reise. Du treng ikkje søkje spesielt om reisestøtte, vi gir deg det du har rett til.

Tilskott til reiser utanfor Norden

Beløpa i tabellen gjeld to tur-returreiser i året


Stipend (70 %)
Lån (30 %)
Totalt reisetilskott
Europa kr 3 388
kr 1 452
kr 4 840
Afrika
kr 13 919
kr 5 965
kr 19 884
Asia kr 11 626
kr 4 982
kr 16 608
Nord- og Mellom-Amerika
kr 12 634
kr 5 414
kr 18 048
Sør-Amerika kr 16 176
kr 6 932
kr 23 108
Oseania kr 18 432
kr 7 900
kr 26 332

 

I tillegg kan du få tilskott til to reiser tur-retur i året i Noreg. Tillegg blir gitte med 100 prosent stipend i Noreg, det blir trekt i frå ein eigendel på 762 kroner per skoleår.

Tilskott for reiser mellom Noreg og den regionen du skal til blir gitt med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån.

Skal du betale skolepengar?

Skal du betale skolepengar når du skal på utveksling, kan du få stipend til delvis dekning av desse når skolepengane ikkje er dekte av andre, og du tek vanleg vidaregåande opplæring. Stipendet kan bli gitt med inntil 85 prosent av skolepengane, men maksimalt 91 493 kroner for skoleåret 2017-2018.

For å søkje om dette stipendet, må du fylle ut og sende inn P-skjemaet. Du må også leggje ved ei stadfesting frå skolen i utlandet, som viser kor mykje du må betale. Fristen for å sende inn P-skjema er innan skoleåret er avslutta.

Søker du om lån i tillegg til stipend, kan du også få lån til dekning av skolepengar. maksimalt lån til skolepengar er 26 320 kroner for heile undervisningsåret. Du kan ikkje få meir i stipend og lån til skolepengar enn det du faktisk skal betale.

Du må søkje og leggje ved dokumentasjon

For å søkje om støtte til utveksling via ein utvekslingsorganisasjon (ikkje eit samarbeid mellom skolen din og skolen i utlandet) må du:

  1. Sende ein søknad om stipend/lån.
  2. Leggje ved dokumentasjon som viser kva godkjent utvekslingsorganisasjon som organiserer opplegget ditt, og kva land du skal ta utveksling i.
  3. Leggje ved stadfesting frå skolen din i Noreg som viser at skoleåret i utlandet vil kunne erstatte Vg2 i Noreg.
  4. Leggje ved stadfesting frå den utanlandske skolen på skolepengar, dersom du må betale det. I tillegg må du leggje ved eit utfylt P-skjema.