Vaksenopplæring

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
For å ha rett til vaksenopplæring må du vere 25 år eller eldre, og du må ha fullført grunnskoleopplæring, men ikkje vidaregåande opplæring.

Vaksenopplæring gis etter opplæringslova § 4A-3.

Vilkår for støtte

Du kan søkje om stipend og lån frå Lånekassen, men for at du skal ha rett til støtte, må du

  • ta fag som til saman tilsvarer minst 50 prosent av fulltidsutdanning, og
  • ha minst seks undervisningstimar per veke.*

* Dette kravet gjeld ikkje dersom du tek vaksenopplæring som nettundervisning.

Du kan få støtte til fag som du følgjer undervisninga i, og du får standpunktkarakterar i, eller som du skal ta eksamen i. Du har ikkje rett til støtte til fag som du har fått fritak for, eller du har fått godkjent som realkompetanse.

Meld frå om realkompetanse og fritak for fag

Du må få lærestaden til å melde frå til Lånekassen dersom du får godkjent fag som realkompetanse og/eller får fritak for fag etter at du har søkt om støtte. Dette kan få betydning for kor mykje du har rett til i støtte.

Kva er realkompetanse og fritak for fag?

Realkompetanse er kort fortalt den erfaringa du har frå yrkeslivet ditt. Dersom du får fritak for fag, vil det seie at du har kompetanse som dekkjer innhaldet i det faget du får fritak for.

Du får lån som kan bli omgjort til stipend

Når du får støtte frå Lånekassen, blir heile beløpet gitt som lån. Dersom du består opplæringa du fekk støtte til, og du bur utanfor foreldreheimen, kan heile eller ein del av lånet ditt bli gjort om til stipend.

Behovsprøving mot inntekt og formue

Har du for høg inntekt, eller du og ektefellen din/sambuaren du har felles barn med, har for stor formue, kan heile eller ein del av stipendet bli gjort om til lån igjen. Les meir om inntekts- og formuegrenser her.

Kva søknad skal du bruke?

Tek du vaksenopplæring, må du bruke søknaden for høgare og anna utdanning, ikkje søknaden for vanleg vidaregåande opplæring. Det er fordi du vil få støtte etter ein annan del av forskrifta enn dei som har rett til vanleg vidaregåande opplæring.