Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Utstyrsstipend til unge asylsøkjarar

    Er du elev under 18 år og søkjer om vern (asyl) eller anna opphaldsløyve, kan du få utstyrsstipend. Du har ikkje rett til annan type støtte frå Lånekassen.

    For å få utstyrsstipend må du ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringsloven § 3-1 siste ledd, og i tillegg oppfylle dei generelle vilkåra for støtte.

    Kva er utstyrsstipend?

    Utstyrsstipend er meint å hjelpe til å dekkje skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede.

    Får du utstyr dekt av fylkeskommunane eller andre offentlege ordningar?

    Du kan berre få utstyrsstipend dersom det ikkje er dekt av fylkeskommunen eller andre offentlege ordningar. Får du kost og losji dekte av fylkeskommunen/kommunen, kan du likevel få utstyrsstipend.

    Du må søkje for å få stipend

    Har du har d-nummer eller fødselsnummer, søkjer du om støtte på lanekassen.no.

    Dersom du ikkje har d-nummer eller fødselsnummer, må du sende eit brev til Lånekassen der du skriv at du ønskjer å søkje om utstyrsstipend. Du sender brevet til:
    Lånekassen
    Postboks 191 Økern
    0510 Oslo