Utstyrsstipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Utstyrsstipend er meint å hjelpe til å dekkje skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede. Du kan få 1 014, 2 245 eller 3 750 kroner i stipend, avhengig av kva for utdanningsprogram du tek.

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, men du må søke om stipendet. Utstyrsstipendet frå Lånekassen er ikkje avhengig av kva foreldra dine tener.

Søkje om utstyrsstipend

Det er ein felles søknad for stipend og lån, når du søkjer om stipend vil vi også sjekke om du har rett til grunnstipend.

1 014 kroner per undervisningsår
 2 245 kroner per undervisningsår  3 750 kroner per undervisningsår


Studiespesialisering 
(unnateke studiespesialisering med 
fordjuping i formgivingsfag 
og studiespesialisering med 
toppidrett som ”fag frå 
andre programområde”)

Helse- og oppvekstfag

Medier og kommunikasjon

Service og samferdsel

Design og handverk,
programområde for medieproduksjon

 

 

Studiespesialisering 
med fordjuping i formgivingsfag 
og studiespesialisering med 
toppidrett som 
”fag frå andre programområde”

Elektrofag

Musikk, dans og drama

Naturbruk

Bygg- og anleggsteknikk

Teknikk og industriell produksjon

Kunst, design og arktitektur

 

Idrettsfag


Design og handverk, unnateke 
programområde for medieproduksjon


Restaurant- og matfag

 

 

 

 

 

Utbetaling

Du får heile utstyrsstipendet utbetalt ved skolestart. Har du søkt om stipend for berre eitt semester (halvt undervisningsår), får du halve beløpet.

Utdanning i utlandet

Tek du delar av utdanninga i utlandet, får du stipend etter same sats som for den utdanninga du følgjer i Noreg. Får du støtte til å ta heile den vidaregåande opplæringa i utlandet, får du eit utstyrsstipend på 1 014 kroner per år.

Ved byte av utdanning

Dersom du byter til ei utdanning med høgre stipendsats, kan du få utbetalt differansen. Du må då sende inn ein ny søknad til Lånekassen.

Disse får ikkje utstyrsstipend

Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandadatar får ikkje utstyrsstipend.

Utstyrsstipend til unge asylsøkjarar

Er du elev under 18 år og søkjer om vern (asyl) eller anna opphaldsløyve, kan du få utstyrsstipend. Du har ikkje rett til annan type støtte frå Lånekassen.

For å få utstyrsstipend må du ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringsloven § 3-1 siste ledd, og i tillegg oppfylle dei generelle vilkåra for støtte.

Kva er utstyrsstipend?

Utstyrsstipend er meint å hjelpe til å dekkje skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede.

Får du utstyr dekt av fylkeskommunane eller andre offentlege ordningar?

Du kan berre få utstyrsstipend dersom det ikkje er dekt av fylkeskommunen eller andre offentlege ordningar. Får du kost og losji dekte av fylkeskommunen/kommunen, kan du likevel få utstyrsstipend.

Du må søkje for å få stipend

Har du har d-nummer eller fødselsnummer, søkjer du om støtte på lanekassen.no.

Dersom du ikkje har d-nummer eller fødselsnummer, må du sende eit brev til Lånekassen der du skriv at du ønskjer å søkje om utstyrsstipend. Du sender brevet til:
Lånekassen
Postboks 191 Økern
0510 Oslo