Skolepengar

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du kan låne inntil 26 320 kroner per skoleår til skolepengar når du er elev på ein privat vidaregåande skole der du betaler skolepengar.

Lånet blir ikkje behovsprøvd mot inntekta til foreldra dine.

Automatisk vurdering av skolepengar

Du treng ikkje søkje spesielt om skolepengar. Ekstra lån til skolepengar leggast automatisk til om du søkjer om fullt stipend og lån på vanleg måte.

Om nokon andre betalar skolepengane dine, må du gi beskjed til Lånekassen. Den enklaste måten å gi oss beskjed er å sende ein e-post frå Dine sider.