Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Slik reknar vi ut reisestipendet

    Dersom det er 110 kilometer eller meir mellom heimstadkommune og lærestadskommune, kan du få reisestipend.

    Slik reknar vi ut reisestipend

    Eksempelet tek utgangspunkt i at det er ein avstand på 700 kilometer, og at du får stipend for eit heilt undervisningsår.

    Første 300 km 300*1,76
    Siste 400 km 400*0,97
    Beløp per reise 916 kroner
    Tal på reiser per undervisningsår 6 reiser
    Reisestipend før eigendel 5 496 kroner
    Eigendel -1 144 kroner
    Reisestipend per undervisningsår 4 352 kroner

    Forklaring til tabellen

    Ved 700 kilometer avstand: For dei første 300 kilometrane blir kilometersatsen på 1,76 kroner lagd til grunn. For dei neste 400 kilometrane blir satsen på 0,97 kroner lagd til grunn. Du kan få støtte til tre tur-retur-reiser i året, det vil seie at vi gongar kilometersatsen med seks. Av denne summen trekkjer vi frå eigendelen på 1 144 kroner.