Reisestipend

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Dersom du bur borte, kan du få reisestipend. Reisestipend er eit tilskott til å dekkje reisekostnader i skoleåret.

Reisestipend blir rekna ut etter faste kilometersatsar mellom heimstaden din i Noreg (din folkeregistrert adresse) og lærestaden din. Nytt frå 2018–2019 er at vi reknar med avstanden mellom dei faktiske adressene og ikkje frå kommunesenter til kommunesenter. Du får tilskott til tre reiser tur-retur per skoleår, men vi trekkjer ein eigendel frå beløpet du får.

Reisestipendet dekkjer ikkje dei faktiske kostnadene dine med heimreise. Reisestipendet er heller ikkje meint å dekkje kostnader ved pendling.

Dersom foreldra dine ikkje bur saman, tek vi utgangspunkt i adressa til den forelderen du har same folkeregistrerte adresse som.

Ingen eigen søknad

Det er ikkje ein eigen søknad om reisestipend. Vi reknar ut kor mykje reisestipend du kan få, når du sender inn ein søknad om lån og stipend.

Det gjeld eigne reglar for reisestipend utanfor Noreg.

Satsar for reisestipend

Satsen per kilometer blir gradvis lågare dess lenger reiseavstanden mellom heimstad og lærestad er.

For dei første 300 kilometrane er satsen 1,79 kroner per kilometer. For dei neste 300-1500 kilometrane er satsen 0,99 kroner per kilometer. For dei kilometrane som overstig 1500 kilometer, er satsen 0,36 kroner per kilometer.

Slik reknar vi ut reisestipendet

Dersom det er 110 kilometer eller meir mellom heimstad og lærestad, kan du få reisestipend.

Slik reknar vi ut reisestipend

Eksempelet tek utgangspunkt i at det er ein avstand på 700 kilometer, og at du får stipend for eit heilt undervisningsår.

Ved 700 kilometer avstand: For dei første 300 kilometrane blir kilometersatsen på 1,79 kroner lagd til grunn. For dei neste 400 kilometrane blir satsen på 0,99 kroner lagd til grunn. Du kan få støtte til tre tur-retur-reiser i året, det vil seie at vi gongar kilometersatsen med seks. Av denne summen trekkjer vi frå eigendelen på 1 165 kroner.

 

 

Første 300 km

300*1,79

Siste 400 km

400*0,99

Beløp per reise

928 kroner

Tal på reiser per undervisningsår

6 reiser

Reisestipend før eigenandel

5 598 kroner

Eigenandel

-1 165 kroner

Reisestipend per undervisningsår

4 433 kroner