Lån til elevar over 18 år

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du kan få lån til vidaregåande opplæring om du er over 18 år, og ikkje bur saman foreldra dine.

Du kan låne inntil 3 146 kroner per månad dersom du bur borte, same kor mykje forsørgjarane dine tener

Du må betale tilbake lånet

Tek du opp lån, må du betale heile lånebeløpet tilbake med renter. Du blir tilsend ein betalingsplan når du ikkje lenger mottek støtte til fulltidsutdanning. Etter cirka sju månader vil du få den første rekninga. Du vil motta rekningar frå Lånekassen kvar månad fram til du har betalt ned heile lånet. I periodar du mottek støtte til fulltidsutdanning, treng du ikkje betale ned på lånet ditt.

Renter blir lagde til lånet ditt frå månadsskiftet etter du mottok den siste utbetalinga. Endringar i rentesatsane har innverknad på kor mykje du må betale tilbake.

Kva skjer dersom eg ikkje betaler tilbake?

Har du ikkje moglegheit til å betale ned på lånet ditt, kan du søke om betalingsutsetting og rentefritak.

Dersom du ikkje betaler rekningane frå Lånekassen, vil det bli lagt til purregebyr og forseinkingsrenter. Dersom rekninga stadig ikkje blir betalt, seier vi til slutt opp lånet ditt og overfører det til Statens innkrevjingssentral (SI). SI vil da overta arbeidet med å krevje inn pengane.

Dersom gjelda din er oppsagd, vil det springe forseinkingsrenter på heile gjelda di fram til dei uteståande rekningane er betalt. Du kan miste retten til støtte frå Lånekassen så lenge lånet ditt er overført til SI, og du kan få betalingsmerknad. Har du betalingsmerknad, kan du få problem med å få andre lån seinare.

Les meir om tilbakebetaling av lån.

Flyktningstipend

Dersom du er elev i vanleg vidaregåande opplæring og får flyktningstipend, kan du få lånet på 3 146 kroner i månaden som ein del av flyktningstipendet dersom du oppfyller vilkåra i artikkelen over. Får du lånet som ein del av flyktningstipendet, må du ikkje betale det tilbake etter du har avslutta utdanninga di.

For å få lånet utbetalt som flyktningstipend må du