Beregning av årstimer og deltid på videregående

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Kor mange fag du tek, og kor mange årstimar det utgjer, avgjer kor mykje støtte du kan få. Tek du vidaregåande på deltid får du støtte etter kor mange årstimar du tek.

Skolen rapporterer til Lånekassen kor stor studiebelastning du har. Kva som blir rekna som fulltid varierer om du tek studiespesialisering, eller om du tek yrkesfag. Som regel må du ta 840 årstimar eller meir, for at det skal reknast som fulltid, når du tek studiespesialisering. Tek du yrkesfag, tilsvarer fulltid som regel 980 årstimar eller meir. Det finst unntak, som for eksempel påbyggingskurs til generell studiekompetanse etter fullført yrkesutdanning, kor fulltid tilsvarer 645 årstimar.

Sjekk på vilbli.no.

På vilbli.no. kan du finne ut kor mange årstimar du må ta, for at det skal reknast som fulltid. Sjekk fag- og timefordeling på Vilbli.

Vidaregåande på deltid

Du får støtte frå Lånekassen til deltidsutdanning på vidaregåande også, til deltidsutdanning får du 50, 67 eller 75 prosent av støttebeløpet.

Les meir om deltidsutdanning.

illustrasjonsfoto av vilbli.no