Inntekt og behovsprøving

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Grunnstipend og forsørgjarstipend for elevar i vanleg vidaregåande opplæring blir behovsprøvde mot inntekt.

Grunnstipend

Når du er elev med ungdomsrett og tek vidaregåande opplæring, blir grunnstipendet behovsprøvd. Behovsprøvinga betyr at vi sjekkar inntekta til forsørgjarane dine og at det er inntekta til forsørgjarane avgjer kor mykje grunnstipend du har rett til. Dette gjeld også etter at du har fylt 18 år.

Dersom du mottek lærlinglønn eller trygd/pensjon, har det også innverknad på kor mykje grunnstipend du kan få.

Forsørgjarstipend om du har barn

Du kan ha rett til forsørgjarstipend dersom du har barn. Forsørgjarstipendet blir behovsprøvt mot inntekta til ein eventuell ektefelle. Dersom du har sambuar du har felles barn med, blir de behandla på same måte som gifte.

Dersom du mottek lærlinglønn eller trygd/pensjon, har det også innverknad på kor mykje forsørgjarstipend du kan få

Bustipend for lærling som er bortebuar, skal bli behovsprøvd

Bustipendet for lærlingar blir  behovsprøvd mot inntekta til lærlingen. Stipendet vil bli gradvis redusert når du tener meir enn 13 566 kroner brutto per månad.

Støtte som ikkje blir behovsprøvd mot inntekta til forsørgjarane dine

Lånekassen får opplysingane vi treng frå skatteetaten

Lånekassen hentar automatisk inn opplysingane om inntekt frå Skatteetaten. Vi ser på personinntekt og netto positiv kapitalinntekt for forsørgjarane dine når vi bereknar kor mykje grunnstipend du kan få. Andre forhold vil også ha innverknad på stipendet, for eksempel om forsørgjarane dine har ny ektefelle og kor mange søsken du har.

Tener forsørgjarane dine mindre nå enn i 2013?

Lærlingar og inntekt

Bustipend

Bustipendet blir redusert dersom du tener meir enn 13 553 kroner brutto per månad. 60 prosent av det beløpet du tener over grensa, blir trekt i frå stipendet. Tener du for eksempel 14 200 kroner brutto per månad, blir bustipendet redusert med 386 kroner i månaden, frå 4 359 kroner til 3 973 kroner per månad.

Grunnstipend og forsørgjarstipend

Grunnstipend og forsørgjarstipend blir redusert dersom du har lærlinglønn, det blir trekt 60 øre av stipendet for kvar krone du tener. Du blir først trekt i grunnstipendet, deretter i eit eventuelt forsørgjarstipend.

Dersom inntekta di varierer, blir gjennomsnittleg månadsinntekt per semester brukt.

Trygd og pensjon

Grunnstipend og forsørgjarstipend blir redusert dersom du har trygd eller pensjon.

Har du trygd eller pensjonsytingar i søknadsperioden, blir det trekt 60 øre av stipendet for kvar krone du tener. Du blir først trekt i grunnstipendet, deretter i eit eventuelt forsørgjarstipend.

Dersom inntekta di varierer, blir gjennomsnittleg månadsinntekt per semester brukt.

Mottek du trygd/pensjon, må du leggje ved kopi av pensjons-/trygdevedtaket ditt. Du må føre opp gjennomsnittleg brutto stønad per månad dersom du får f.eks.:

  • stønad som einsleg forsørgjar
  • AAP
  • utdanningsstønad frå folketrygda
  • annan pensjon/trygd
  • sjukepengar
  • introduksjonsstønad

Forsørgjer du barn, må du ta med eventuelle ytingar til dei. Barnetrygd, kontantstøtte, grunn- og hjelpestønad skal du ikkje ta med.

Endringar i familiesituasjonen

Dersom forsørgjarane dine går frå kvarandre i løpet av skoleåret, kan Lånekassen ta omsyn til det. Send inn dokumentasjon, for eksempel kopi av separasjonsbevillinga dersom dei er separerte. Det spiller inga rolle kor mykje du bur hos kvar av forsørgjarane eller om du bur for deg sjølv.

Dersom nokon av forsørgjarane dine går bort i løpet av skoleåret, sender du ein e-post, eit brev eller ein faks der du opplyser om dette.