Vi hentar opplysningar om inntekta til foreldra

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 26.11.2018
Når ein elev søkjer om støtte frå Lånekassen, sjekkar vi automatisk kva typar stipend eleven har rett til, som utstyrsstipend, grunnstipend eller bustipend.

Reglar for behovsprøving av grunnstipend

Grunnstipend er eit stipend til elevar som kjem frå familiar med svak økonomi, og det er inntekta til forsørgjarane som avgjer om eleven har rett til stipendet eller ikkje. Forsørgjarane er i dei aller fleste tilfelle foreldra, og stipendet blir behovsprøvd mot begge to, uavhengig av kvar eleven bur. Vi reknar med personinntekt og netto positiv kapitalinntekt.

Ifølgje barneloven har foreldra plikt til å forsørgje barna sine helt til dei har fullført vidaregåande. Det betyr at behovsprøvinga mot økonomien til foreldra også skjer for elevar over 18 år.

Vi hentar automatisk inn opplysningar om inntekt

Når Lånekassen får ein søknad frå ein elev, hentar vi inn opplysningar om inntekta til foreldra (personinntekt og netto positiv kapitalinntekt) frå skatteetaten. Sidan det er foreldreinntekta som avgjer om eleven har rett til grunnstipend, kan vi ikkje behandle søknaden utan desse opplysningane.

Inntekta til foreldra er oppgitt i vedtaksbrevet

Kundane i Lånekassen har krav på at svara frå oss er grunngitt. Derfor må dei opplysningane vedtaket byggjer på, vere oppgitt i vedtaksbrevet, inkludert foreldreinntekta og kor mange søsken søkjaren har som er 18 år eller yngre.

Men dersom søkjaren ikkje får grunnstipend, opplyser vi berre at inntekta er høgare enn grensene. Årsaka til det er at Lånekassen vil skjerme personopplysningar så langt det er råd. Eleven og foreldra kan likevel kontakte Lånekassen for å få informasjon om kva inntekt som er lagd til grunn.

Eleven har også rett til å få tilsendt vedtaket. Dersom eleven er under 18 år, skal både eleven og foreldra få vedtaket. Det skjer for at foreldra skal kunne vareta eleven sine interesser, kunne signere avtalen om støtte, godta utbetaling til eleven sin eigen konto og eventuelt klage på vedtaket.

Opplysningane om inntekta til foreldra er omfatta av teieplikta i forvaltningslova. Det betyr at eleven og foreldra ikkje kan gi opplysningar om inntekta til andre enn Lånekassen, med mindre personen det gjeld, samtykkjer til det.

Vi sender vedtaksbrevet til eleven si folkeregistrerte adresse

Vedtaksbrevet blir sendt til den adressa eleven har i folkeregisteret, men vi sender også kopi av vedtaket og avtalen om støtte til foreldre som har foreldreansvar for ein elev under 18 år. Ein av foreldra eller verja må skrive under på avtalen om støtte for eleven. Lånekassen hentar informasjon frå folkeregisteret om kven som har foreldreansvaret.