Inntektstabellar og beløp for grunnstipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 19.04.2017
Når vi vurderer om du kan få grunnstipend, bruker vi to ulike tabellar, alt etter om forsørgjarane dine bur saman eller ikkje.

I tabellane ser vi kor mykje grunnstipend du kan få ut frå inntekta til forsørgjarane dine og kor mange barn det er i familien. Når du har ungdomsrett, behovsprøver vi grunnstipendet mot inntekta til forsørgjarane dine. Dette gjeld også etter du har fylt 18 år.

Etter barnelovane har begge foreldra forsørgjaransvar for barna sitt, og grunnstipendet til elevar i vidaregåande opplæring blir behovsprøvde mot inntekta til begge forsørgjarane. Behovsprøvinga skjer uavhengig av kva forelder du bur saman med eller har kontakt med. Les meir om forsørgjaransvar.

Tabell A

Tabell A gjeld for forsørgjarar som bur saman, er gift* eller har forsørgjaransvaret aleine, som for eksempel når ein forsørgjar er død.

 Bur ikkje forsørgjarane dine saman, er det tabell B du skal bruke.

Antall søsken

 

Grunnstipend per måned

 3 167 kroner

2 109 kroner

 1 055 kroner

0

0–249 175 kr

249 176
– 302 168 kr

302 169
– 355 161 kr

1

0–307 574 kr

307 575
– 360 567 kr

360 568
– 413 560 kr

2

0–365 973 kr

365 974
– 418 966 kr

418 967
– 471 959 kr

3 eller flere

0–424 372 kr

424 373
– 477 365 kr

477 366
– 530 358 kr

Dersom ein forsørgjar har forsørgjaransvaret aleine og har ny ektefelle/sambuar, blir det lagt til eit fast beløp på 44 832 kroner på forsørgjaren si inntekt.

* Forsørgjarar som er gift, blir rekna i utgangspunktet for å bu saman. Behovsprøving for søkjarar med forsørgjarar som er gift, blir derfor gjorde etter tabell A.

Tabell B

Tabell B gjeld for forsørgjarane ikkje bur saman/er skilt. Tabellen gjeld sjølv om du berre bur hos ein forelder, eller dersom den eine forsørgjaren har foreldreansvaret aleine.

Antall søsken

Grunnstipend per måned

Kr  3167

Kr 2 109

Kr 1 055

0

0–373 762 kr

373 763
– 426 755 kr

426 756
– 479 748 kr

1

0–432 161 kr

432 162
– 485 154 kr

485 155
–538 147 kr

2

0–490 560 kr

490 561
–543 553 kr

543 554
–596 546 kr

3 eller flere

0–548 959 kr

548 960
– 601 952 kr

601 953
– 654 945 kr

Dersom ein forsørgjar har forsørgjaransvaret aleine og har ny ektefelle/sambuar, blir det lagt til eit fast beløp på 44 832 kroner på forsørgjaren si inntekt.

Kva inntekt blir brukt i utrekninga?

Vi legg saman personinntekt og netto positiv kapitalinntekt for begge forsørgjarane. Informasjon om inntekt får vi automatisk frå Skatteetaten.

Vi ser på inntekta for to år tilbake i tid, fordi dette er den siste likninga som er tilgjengeleg for alle.

Kva er personinntekt?

Personinntekt er den skattepliktige brutto inntekta til forsørgjarane dine frå for eksempel arbeid, trygd og pensjon. For sjølvstendig næringsdrivande blir personinntekta fastsette av skattestyresmaktene etter eigne reglar (utrekna personinntekt). Personinntekta utgjer summen av desse postane i sjølvmeldinga:

Postar i sjøvmeldinga
2.1 Lønn og tilsvarande ytingar
+ 2.2 Pensjon, livrente i arbeidsforhold osv.
+ 2.7 Næringsinntekt (den delen som er utrekna personinntekt i næring)
= Personinntekt

Kva er netto positiv kapitalinntekt?

Netto kapitalinntekt er differansen mellom kapitalinntekter og kapitalutgifter. Vi ser berre på kapitalinntekter dersom dei går i pluss (netto positiv kapitalinntekt) når vi reknar ut grunnstipendet.

Kapitalinntekter er for eksempel renteinntekter, utbytte av aksjar eller inntekter frå utleige av bustad. Kapitalutgifter er for eksempel renter på banklån og studielån, og tap ved sal av aksjar.

For å rekne ut kapitalinntekta kan du sjå på desse postane i sjølvmeldinga:

Postar i sjøvmeldinga
2.8 Inntekter av bustad og annan fast eigedom
+ 3.1  Kapitalinntekter og andre inntekter
3.3  Kapitalkostnader og andre frådrag
= Netto kapitalinntekt 
(skal takast med berre dersom det er eit positivt beløp, altså over 0 kroner)

For somme forsørgjarar er kapitalutgiftene større enn kapitalinntektene, og då set vi kapitalinntekta lik null når vi vurderer om du kan få grunnstipend.

Kva meiner vi med forsørgjarar

Grunnstipendet blir no behovsprøvd mot inntekta til begge forsørgjarane.

Med forsørgjarar meiner vi:

  • biologiske foreldre
  • adoptivforeldre
  • medmor 
  • personar som har overteke foreldreansvaret etter § 63 i barnelova

Les meir om forsørgjaransvar når mor og far ikkje bur saman.

Kva meiner vi med sysken?

Dess fleire sysken du har som er født i 1999 eller seinare, dess meir grunnstipend kan du ha rett til. 

Heil- og halvsysken og adoptivsysken blir rekna som sysken. Stesysken blir ikkje rekna med i denne samanhengen.

Tillegg for ny ektefelle/sambuar

Dersom ein forsørgjar har ny ektefelle/sambuar, blir det lagt eit fast beløp til forsørgjarens inntekt på 44 832 kroner når Lånekassen vurderer om du kan få grunnstipend. Dersom begge forsørgjarane har ny ektefelle/sambuar, blir dette faste beløpet lagt til på inntekta til begge forsørgjarane.