Grunnstipendet blir behovsprøvd mot inntekta til begge forsørgjarane

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 23.03.2017
Etter barnelova har begge foreldra forsørgjaransvar for barna sine, og grunnstipendet til elevar i vidaregåande opplæring blir behovsprøvd mot inntekta til begge forsørgjarane

Ved behovsprøving av grunnstipendet er den økonomien til forsørgjarane (foreldre) som har det formelle forsørgjaransvaret for deg, som blir lagt til grunn. Vi behovsprøver mot begge inntekter uavhengig av om foreldra dine ikkje bur saman eller er skilt. Det har heller ikkje noko si om du bur hos begge eller berre den eine forelderen.

Forsørgjaransvar og foreldreansvar

I dei aller fleste tilfella har begge foreldra forsørgjaransvaret, sjølv om berre den eine har foreldreansvaret. Det er forskjell på forsørgjaransvar og foreldreansvar. Det som er avgjerande for behovsprøvinga av grunnstipendet, er det formelle forsørgjaransvaret. Forsørgjaransvaret fell ikkje bort for den forelderen du ikkje bur hos. Dette betyr at sjølv om du ikkje har kontakt med far eller mor, så vil far eller mor likevel ha forsørgjaransvar for deg.

I dei tilfella far eller mor er frådømt foreldreansvar eller samværsrett, vil han eller ho framleis ha forsørgjaransvar.

Far eller mor har «fråskrive seg» forsørgjaransvaret

Det er ikkje mogeleg for foreldre å fråskrive seg forsørgjaransvaret. Dersom foreldre ikkje oppfyller forsørgjaransvaret, er det andre regelverk enn Lånekassens forskrifter som skal vareta rettane til barna – for eksempel bidragsregelverket, forskottsordninga eller sosialstøtta.

Andre situasjonar

Dersom det i folkeregisteret står at ein forelder er forsvunnen eller ikkje er oppgitt, behovsprøver Lånekassen berre mot inntekta til den forelderen som er registrert i folkeregisteret. Dersom det i folkeregisteret står at ein person er utvandra eller berre står oppført med fødselsdato, vil vi be deg om dokumentasjon på person- og kapitalinntekt, og på frådrag til denne forelderen. Dersom du ikkje har forsørgjarar behovsprøver vi berre mot den eventuelle lærlingelønna eller trygda di. Er du forsørgd av barnevernet eller bur i fosterheim gjeld eigne regler.

Vi kan sjå bort frå inntekta til ein av forsørgjarane dersom det er dokumentert med vedtak frå NAV at forsørgjaren ikkje har bidragsiva. Vedtaket frå NAV må sendast inn til oss saman med søknaden om støtte.

Unntak ved behovsprøving mot økonomien til forsørgjarane

Det kan ved behovsprøving av grunnstipendet sjåast bort frå avkastning av formuen til søkjaren og av formue til søskena til søkjaren dersom formuen blir forvalta av fylkesmannen.

Det kan ved same behovsprøving sjåast bort frå inntekta til ein av eller begge forsørgjarane når:

  • forsørgjer er i frivillig eller tvungen rettsleg gjeldsordning eller utanrettsleg gjeldsordning
  • forsørgjer manglar bidragsiva og dette er dokumentert frå Nav
  • søkjaren ikkje kan få tilskott av forsørgjarane av særleg tyngjande sosiale grunnar