Eg har ikkje fått grunnstipend og forsørgjarane mine tener mindre

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 12.10.2018
Inntekta til forsørgjarane (foreldra) dine må vere mykje lågare nå enn i 2016 for at Lånekassen skal behandle søknaden din på nytt. Har familiesituasjonen din endra seg, kan vi ta omsyn til dette også.

Det er inntekta til forsørgjarane dine i 2016 som avgjer om du får grunnstipend. Lånekassen får opplysningar frå skatteetaten og folkeregisteret når vi behandlar søknaden din. Dersom forsørgjarane dine tener mindre no enn dei gjorde i 2016, kan Lånekassen ta omsyn til det. 

Sjekk inntektstabellen først. Dersom forsørgjarane dine ikkje tener mindre enn beløpa i tabellen, får du ikkje grunnstipend.

Kva inntekt blir brukt i utrekninga?

Vi legg saman personinntekt (brutto inntekt) og netto positiv kapitalinntekt for begge forsørgjarane. Les meir om inntekt vi brukar i utrekninga.

Ønskjer du ny behandling av søknaden?

Dersom du ønskjer ny behandling av søknaden din fordi ein eller begge forsørgjarane dine har lågare inntekt i dag enn i 2016, må du gi oss melding om det. Det kan du gjere ved å sende oss ein e-post frå Dine sider.

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på at inntekta til forsørgjarane dine er blitt lågare. Lånekassen hentar nye inntektsopplysningar direkte frå a-ordninga. Dersom det er netto positiv kapitalinntekt som er redusert, må du sende inn dokumentasjon. Det må du også dersom forsørgjarane dine er sjølvstendig næringsdrivande eller dersom dei bur i utlandet.

Lågare kapitalinntekt

Dersom du ønskjer at søknaden skal bli behandla på nytt fordi ein av eller begge forsørgjarane dine har lågare netto positiv kapitalinntekt i 2018 enn i 2016, må du sende inn dokumentasjon for å sannsynleggjere kva kapitalinntekta vil bli for 2018. Årsaka til det er at vi ikkje kan hente informasjon om kapitalinntekt frå a-ordninga.

Du kan laste opp og sende oss dokumentasjon på Dine sider.

Endringar i familiesituasjonen

Dersom forsørgjarane dine går frå kvarandre i løpet av skoleåret, kan Lånekassen vurdere grunnstipendet på nytt, fordi vi behovsprøver mot ein annan inntektstabell når forsørgjarane ikkje bur saman. Send inn dokumentasjon, for eksempel kopi av separasjonsbevillinga dersom dei er separerte. Det speler inga rolle kor mykje du bur hos kvar av forsørgjarane, eller om du bur for deg sjølv.

Dersom nokon av forsørgjarane dine går bort i løpet av skoleåret, sender du oss ein e-post, eller eit brev der du opplyser om dette.

Sjølvstendig næringsdrivande eller busett i utlandet

Dersom ein av eller begge forsørgjarane dine er sjølvstendig næringsdrivande eller dersom dei bur i utlandet, finst ikkje opplysningar om inntekta deira i a-ordninga. Derfor må du sjølv sende inn dokumentasjon på at inntekta deira er lågare i dag enn i 2016. Fastsetjinga (likninga) for 2017 er ikkje godkjent dokumentasjon, sidan den ikkje viser kva inntekta er per i dag.

Du kan for eksempel sende inn kopi av siste lønnsslipp eller utbetalingsslipp, eller annan dokumentasjon som viser den noverande inntekta.