Grunnstipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 27.07.2017
Grunnstipendet er meint å vere eit bidrag til å dekkje levekostnader for elevar frå familiar med svak økonomi.

Formålet med stipendet er at alle elevar skal ha moglegheiter til å ta vidaregåande opplæring, uavhengig av den økonomiske situasjonen til familien.

Stipendet blir behovsprøvd mot forsørgjarane si inntekt og er på anten 1 055 kroner, 2 109  kroner eller 3 167 kroner per månad.

Når du søkjer, sjekkar vi automatisk om du har rett til grunnstipend. Vi hentar opplysningar frå skatteetaten og folkeregisteret.

Dette ser vi etter

  1. Om foreldre bur saman eller ikkje
    Om forsørgjarane dine bur saman eller ikkje bur saman, avgjer kva tabell grunnstipendet blir behovsprøvd etter.
  2. Kor mange sysken du har
    Kor mange sysken du har som er fødd i 1999 eller seinare er med å avgjere kor mykje grunnstipend du kan få.
  3. Inntekta til forsørgjarane dine i 2015
    Vi sjekkar samla personinntekt (brutto inntekt) og netto positiv kapitalinntekt til begge forsørgjarane. Vi ser på inntekta for to år tilbake i tid, fordi dette er den siste likninga som er tilgjengeleg for alle.
  4. Har forsørgjarane dine ny ektefelle/sambuar
    Vi sjekker ikkje inntekta til den nye ektefellen eller sambuaren, men legg til eit fast beløp på forsørgjaren sin inntekt.

Knapp gå til søknaden

Kva meiner vi med forsørgjarar

Grunnstipendet blir no behovsprøvd mot inntekta til begge forsørgjarane.

Med forsørgjarar meiner vi:

  • biologiske foreldre
  • adoptivforeldre
  • medmor 
  • personar som har overteke foreldreansvaret etter § 63 i barnelova

Les meir om forsørgjaransvar når mor og far ikkje bur saman.

Tillegg for ny ektefelle/sambuar

Dersom ein forsørgjar har ny ektefelle/sambuar, blir det lagt eit fast beløp til forsørgjarens inntekt på 44 832 kroner når Lånekassen vurderer om du kan få grunnstipend. Dersom begge forsørgjarane har ny ektefelle/sambuar, blir dette faste beløpet lagt til på inntekta til begge forsørgjarane.

Kva meiner vi med sysken?

Dess fleire sysken du har som er født i 1999 eller seinare, dess meir grunnstipend kan du ha rett til. 

Heil- og halvsysken og adoptivsysken blir rekna som sysken. Stesysken blir ikkje rekna med i denne samanhengen.

Behovsprøving for deg over 18 år

Så lenge du har ungdomsrett, har foreldra dine forsørgjarplikt for deg, også etter at du har fylt 18 år. Derfor sjekkar Lånekassen kor mykje foreldra dine har i inntekt for å finne ut kor mykje stipend du har rett til. Forsørgjarplikten er omtala i barnelova.