Forsørgjarstipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du kan få forsørgjarstipend dersom du bur saman med barn født i 2002 eller seinare. Du må ha minst 40 prosent samvær med barnet for å få stipendet.

Mor og far kan få forsørgjarstipend samtidig.

Forsørgjarstipendet er behovsprøvd. Dersom du mottek trygdeytingar, eller dersom du er lærling og mottek lærlinglønn, vil forsørgjarstipendet bli redusert. Dersom du er gidt eller har sambuar du har barn saman med, vil også inntekta til ektefellen eller sambuaren din vere med på å avgjere om du kan få forsørgjarstipend.

Så mykje kan du få

Har du eitt barn, kan du få inntil 1 657 kroner i månaden. Har du to barn, kan du få inntil 1 657 kroner per månad for kvart av barna. Har du fleire enn to barn, kan du få inntil 1 079 kroner per månad for kvart av barna fleire enn to. 

Dersom du får foreldrestipend, kan du få forsørgjarstipend i tillegg. Forsørgjarstipendet kan du få så lenge du er i utdanning, også etter at du har hatt ein periode med foreldrestipend. Dersom du får avslag på ein søknad om foreldrestipend, kan det vere at du har krav på vanleg stipend og lån med forsørgjarstipend i tillegg.

Bruk støttekalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få.

Her er ei oversikt med utrekning:

Antall barn fødd i 2002 eller seinare
Beløp Kor mykje du får til saman per måned for alle barna
1 barn 1 657 kr 1 657 kr
2 barn 1 657 kr + 1 657 kr 3 314 kr
3 barn 1 657 kr + 1 657 kr + 1 079 kr
4 393 kr
4 barn 1 657 kr + 1 657 kr + 1 079 kr + 1 079 kr 5 472 kr

Vilkår for å få forsørgjarstipend

  • Barnet må vere født i 2002 eller seinare (16 år eller yngre)
  • Du må bu saman med barnet minst 40 prosent av tida
  • Stipendet er behovsprøvd mot inntekta og formuen til ein eventuell ektefelle. Inntekta og formuen hans eller hennar må ikkje vere høgare enn grensene i forskrifta.

Dersom du er sambuar og du og sambuaren din har barn saman, blir de behandla som gifte. Dersom du og sambuaren din ikkje har barn saman, blir ikkje sambuaren si inntekt rekna med i grunnlaget for forsørgjarstipend.

Slik får du forsørgjarstipend

Det er ikkje ein eigen søknad om forsørgjarstipend. Lånekassen vurderer om du har rett til forsørgjarstipend når vi behandlar den vanlege søknaden om stipend..

Dersom du skal søkje om forsørgjarstipend etter at du har sendt inn vanleg søknad om stipend og eventuelt lån , kan du sende oss ein e-post frå Dine sider, eller eit brev der du søkjer om forsørgjarstipend.

  • Dersom du er gift eller er sambuar med felles barn, må du oppgi kven sambuar/ektefelle er med fødsels- og personnummer (11 siffer).
  • Dersom du ikkje har den daglege omsorga for barnet, må du dokumentere at du har minst 40 prosent samvær. Du kan for eksempel sende inn ein kopi av samværsavtale.

Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd mot inntekta til ektefellen/sambuaren din. Lånekassen hentar informasjon om inntekta hans/hennar frå A-ordninga. Du treng derfor ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt.

Dersom ektefellen/sambuaren din er sjølvstendig næringsdrivande eller bur i utlandet, må du likevel sende inn dokumentasjon sjølv. Då må du sende inn dokumentasjon som viser brutto inntekt/stønad/trygd for sambuaren/ektefellen din, for eksempel kopi av lønnsslepp.

Når du søkjer om foreldrestipend, vurderer Lånekassen om du også har rett til forsørgjarstipend.